Ei hetebølge har ramma store delar av Europa denne veka, med temperaturar godt over 40 grader fleire stader.

No ser det ut som me får restane av denne hetebølga som er på veg nordover. Det blir likevel ikkje dei same temperaturane som er og har vore i Europa, men det kan bli temperaturar opp mot 30 grader i Ryfylke i dag, tysdag, og kanskje endå varmare i morgon.

Så det er berre å nyta desse tre dagane, på fredag er det mest sannsynleg slutt, i allefall med dei høge temperaturane.