-Kyrkja i Rennesøy må finna vegen ut av vanskane
Kyrkja i Rennesøy og Mosterøy må finna tilbake til gode samverformer og åpen dialog, meiner den nye leiaren i soknerådet. Kyrkja i Rennesøy og Mosterøy har hatt utfordringar på personalsida ei stund.
RENNESØY: -Det har vore ein vanskeleg situasjon, som også har spelt inn på arbeidet til soknerådet, seier Ivar Raugstad til Øyposten.
Han tok over som ny leiar i soknerådet nå i vinter.
-Eg blei utfordra til å ta på meg leiarvervet, og det gjorde eg etter først å ha tenkt meg grundig om, seier Raugstad vidare.
-Kva er årsaken til problema i kyrkja i Rennesøy?
-Det er vanskeleg å gå i detaljar om, sidan det vil berøra taushetsplikt og hensynet til dei tilsette. Men generelt har viljen til samarbeid med soknerådet ikkje vore god nok, svarar han.
Situasjonen akkurat nå er mellom anna at prostiprest Bjørg Berge-Øvrebø sluttar for å ta over stillinga som sokneprest i Kvitsøy.
Reidun Kyllingstad har sagt ja til å vikariera som dagleg leiar på kyrkjekontoret. Ho skal også koordinera det friviljuge arbeidet. Det er tilsett ny kantor etter Arne Marin Aandstad, som heretter skal ha ei 20 prosent stilling som dirrigent for kyrkjekoret. Ny kantor blir Eirik Andreas Paulsen, som skal begynna i juli-august. Han er utdanna ved UiS i utøvande kunstfag.
Anders Hildeng Næss er tilsett i eit årsvikariat som vikarierande sokneprest, pluss at sokneprest Kjetil Molvik, i samråd med prost og soknerådet, har sagt ja til ei tidsavgrensa stilling som trusopplærar og prest. Hildeng Næss er i dag sokneprest i Kampen menighet i Stavanger.
Kyrkja i Rennesøy har sju tilsette, fem i kyrkjeleg teneste pluss ein driftsleiar og ein fagarbeidar på kyrkjegardane.
Sokneråds-leiaren seier at hans første prioritet har vore å sørga for at dei lovpålagde basistenestane til kyrkja i Rennesøy blir ivaretekne. Det gjeld gudsteneste, dåp, konfirmasjonar, brylluper og gravferder.
-Det har me klart gjennom eit godt samarbeid med prost og kyrkjeverge, seier han.
-Er konflikten i kyrkja i Rennesøy løyst nå?
-Eg trur me har kome nokre steg vidare, i alle fall. Nøkkelen for menighetene i Rennesøy og Mosterøy ligg i å ha ein åpen kyrkje for alle. Det er ei utfordring at brorparten av dei trufaste av kyrkjegjengarane er eit stykke oppe i aldersstigen. Me må difor jobba for at kyrkja skal få inn også dei yngre aldersgruppene, til dømes barnefamiliar. Men dette må takast steg for steg.
Dessutan er det viktig for meg at dei mange som legg ned friviljug arbeid for kyrkja vår blir godt ivaretekne. Det er ikkje mindre enn 40-50 personar som legg ned ein stor innsats, seier han.
-Kva har den situasjonen som har vore hatt å seia for menighetene i kommunedelen?
-Det har nok skapt ein viss avstand, kor ein del har slutta å gå på gudstenester. Men her kan også pandemien ha spela inn, seier Ivar Raugstad.
Kyrkjeverge Rune Skagestad i Stavanger kyrkjelege fellesråd seier det har vore utfordringar i kyrkja i Rennesøy.
-Men me prøver å ta dette steg for steg, og eg håpar og trur me skal finne ein god veg vidare, seier Skagestad.
Prost i Tungenes Prosti, Tomas Mjelde Røsbak, kor kyrkja i Rennesøy og Mosterøy høyrer til, seier det nå er løysingar på plass som han håpar og trur skal gi ein stabil situasjon framover.
-Eg håpar også at me har funne fram til ei løysing med eit stabilt personale, som vil gjera at folk finn tilbake til kyrkja igjen. Pandemien har gitt store utfordringar for kyrkja i det heile, og strategien må vera å prøva nå nye grupper gjennom å snakka til alle, ikkje bare dei trufaste kyrkjegjengarane, seier Røsbak.