Den siste rustholken fjerna med lova i hand
Stavanger Havnevesen fjerna med lova i hand i dag den siste rustholken på Bru. Havnevesenet stod sjølv for salget av båten til Danmark, etter at eigaren av skipet ikkje ga noko tilfredstillande svar på kva planar det var for båten.
BRU: -Det skal bli herleg å få bort det «skrammelet», seier Tor Bernhard Harestad til Øyposten.
Det er det danske selskapet «Smedgaarden» som har kjøpt skipet, som i dag blei slept til Danmark for opphogging.
-Nå får de endeleg nattero igjen på Bru?
-Bråket har betra seg mykje etter at båten blei snudd. Men eg har vore mest uroleg for at han skulle gå til botnars. Det ville vore kroken på døra for makrellmottalket mitt her på Bru, for der brukar me sjøvatn, seier Harestad, som takkar både Bellona, partikopllega Arne Moi Nilsen (frp) og pensjonert sorenskrivar Helge Bjørnestad for innsatsen for å få bort dei to båtane.
-Det viser at det nyttar å stå på, slår Tor Bernhard Harestad fast.
Ifølge maritim sjef i Stavanger havnevesen, Dag Matre, fekk ikkje havnevesenet noko tilfredstillande svar frå eigaren av båten, om kva planar dei hadde for å fjerna han.
-Med medhald i havne- og farvannslova kan myndighetene fjerna eit skip på eigaren si rekning, viss det er fare for ferdsel. Den lova brukte me her, etter samråd med juridisk kompetanse, for å få fjerna eit miljøproblem, opplyser Matre.
Pengane er nå komne inn på konto til Stavanger havnevesen, kor beløpet vil gå til å dekka havnevesenet sine utgifter. Kva som skjer med det som blir til overs er ikkje avgjort.
-Folk her på Bru har vore utruleg tålmodige, og me har også har også hatt god hjelp av Stavanger kommune for å løysa denne saka, seier Dag Matre.