Saman om bekjemping av Landøyde

Landøyde er ein livsfarleg plante for som sprer seg i rekordfart i Rogaland. Nå blir folk oppfordra til å ta eit tak for å bukt med planta.

Laura Hauch Kaufmann og landbrukssjef Geir Helge Rygg er uroa over oppblomstringa av Landøyde i Finnøy.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Og på Finnøy har det vore ein eksplosiv vekst i planten. Så medan kyrne koser seg med friskt, grønt gras, sitt bøndene igjen med ein bismak.

Naturleg i norsk fauna

Den giftige planten har vore eit problem for norske bønder lenge, men dei siste åra har førekomsten av planten eksplodert. Det er det som gjer at det no blir ropt varsko.

Landøyda er spesielt giftig for storfe og hest. Forgiftninga er kronisk og oftast døydeleg. Ein hest kan døy om den får i seg så lite som 100 gram.

– Planten er også giftig for menneske, difor oppmodar me alle å ta eit tak for å bukt med den, seier Laura Hauch Kaufmann, miljørådgjevar i fylkeskommunen. Ho uttaler seg som privatperson i denne saka.

– Det er ei gunstig tid å fjerna plantene no før frøa får setta seg, og før det blir så store mengder at det ikkje lenger er handterleg, seier landbrukssjef i kommunen Geir Helge Rygg. Han held fram: Kyr på beite et ikkje sjølve planten, men problemet er når graset blir slått og planten kjem inn i fôret.

Kvar plante kan laga over 2000 frø som svever langt med vinden.

Heile planten er giftig, både frisk og i tørka tilstand. Difor er det viktig å ikkje få den med i fôret til husdyra. Også nektar og pollen frå planten inneheld fleire giftstoff. Difor kan honning frå område med mykje landøyda innehalda meir plantegift enn grenseverdiane tillet.

– Kva skuldast den omfattande oppblomstringa av Landøyde?

– Eigentleg er det ingen biologiske mekanismar som tilseier at det skal vera meir av planten no enn tidlegare. Eg trur kanskje at bøndene var flittigare å fjerna planten før då gardane var mindre. I dag strekk gardane seg over mykje større areal, og det er vanskelg å rekka over alt. Før var det ofte ein bonde og eit gradsbruk. I dag er i tillegg mykje jord forpakta bort, seier naturforvaltar i kommunen, Vegard Ankarstrand til Øyposten.

– For over hundre år sidan blei Landøyde årsaken til forgiftning av dyr på beite på Utsira. Dermed blei sjukdommen kjent som Sirasyken, fortel Rygg.

No jobbar gode krefter saman for å redusera problemet.

– Blir det gjort ein folkedugnad på øyane no, vil det vera eit svært nyttig bidrag i kampen. Så lenge Landøyde ikkje er ein frammand art, den har vore i faunaen vår i årevis, blir det heller ikkje gjort tiltak frå staten. Difor er me nøydd å ta saka i eigne hender, seier Hauch Kaufmann.

Kommunalt engasjement

Landbruksavdelinga i kommunen oppmodar innbyggarane å gå ut med hanskar og riva plantene opp med rota. Legg plantene i plassekker, knyt igjen og hiv sekken i restavfallet. Ikkje i den brune dunken for hage og organisk avfall.

Eller, kommunen tilbyr henting av innsamla sekker. Vil du nytta deg av den moglegheita kan du senda epost til else.vignes@​stavanger.kommune.no med nann og adresse innan 29. august. Plantene må vera i søppelsekker som er lukka igjen. Kommunen vil ha innsamling etter 29 august. Du vil få beskjed om tid og stad for henting.

Landøyda er lett gjenkjenneleg med gule små blomar og flikete blad. Planten kan bli opptil 1 meter høg, og den den veks ofte langs vegar og i grøfter.