Oppdrettsanlegg mellom Hjelmeland og Ombo. Det er tapte inntekter frå dette som Hjelmeland nå vil ha betalt for.

Dette kjem fram i eit brev som rådman Victor Juul i Hjelmeland har sendt til Stavanger kommune. Brevet oppsummerer diskusjonen mellom dei to kommunane så langt, og kva Hjelmeland krev for at kommunen måtte gi frå seg sin del av Ombo.,

Oppdrettsnæringa begynte i 2018 for alvor å gi store inntekter til kystkommunar som har anlegg innanfor sine grenser. Hjelmeland hadde tre anlegg som etter grensejusteringa nå ligg i Stavanger. Det er Kjeahola, Longavik og Saltskjæret. I tillegg til at kommunen misser inntektene frå dei tre anlegga gjennom Havbruksfondet, peikar Hjelmeland-rådmannen dessutan på at anlegga er slik plassert at det gjer det vanskeleg for Hjelmeland å utnytta denne delen av kystlinja til oppdrettsformål.

Derfor meiner kommunen det er rimeleg at inntekene frå havbruksfondet frå desse tre anlegga tilfell Hjelmeland i seks år.

I tillegg vil kommunen ha eit økonomisk oppgjer for oppvekstssentert i Eidsund. Rådmannen peikar på at Hjelmeland var med og finansierte bygget, og har bidratt til drift og vedlikehald.

Hjelmeland bidrog i si tid med seks millionar av ein totalkostnad på 13 millionar, då oppvekstsenteret blei bygd. Kommunen har pant i bygget, men sidan kommunen ikkje lenger kan bidra til å halda det ved like meiner rådmannen at Hjelmeland må få eit oppgjer basert på salgsverdien av bygget.