No kan du melda deg på ei veke spekka med ulike aktivitetar. Illustrasjonsfoto.

RENNESØY: Dei har mykje å gleda seg til, barn og unge i Rennesøy, denne sommaren. Sjølv om ferien for mange ikkje blir som venta er det ingen grunn til å fortvila. Frivilligsentralen og Innbyggartorget har sydd saman eit spennande program med aktivitetar til sjøs og til fjells. Med heimesommar får barna ei veke med kortreiste ferieopplevevingar, og mange vil garantert få vera med på noko dei ikkje har opplevd før.,

Slik ser programmet ut (10. – 14. august)

- Dag 1: Bli kjent tur; til Pilå og Sel. I samarbeid med Rennesøy- og Finnøy Turlag, går turen til Pila over til Sel, med grill og kos. Undervegs på turen lærer me om kultur og natur.

- Dag 2: Natur- og kulturminne tur. Med buss rundt i kommunen på besøk til viktige kulturminner- og kulturlandskap. Me samarbeidar med Rennesøy Historielag. Kanskje blir det ein historisk meny til lunsj?

- Dag 3: Kanotur til Lineholmane.  Me blir med Mastra sjøspeidarane på kanotur til Lineholmane. Her vil det bli kjekke aktivitetar og god lunsj.

Dag 4: Aktivitetsdag i Alchemilla drivhuset.  Mange forskjellige aktivitetar inni og utanfor drivhuset. Me samarbeider med Sølvberget bibliotek og Ungdom- og Fritid.

Dag 5:  Sjø-dag/kystkultur. Eit samarbeid med Rennesøy Kystlag. Me får læra om kystkultur, besøka den gamle fiskeskøyta Hulda (kanskje får me og ein tur ut på fjorden?) Dei som vil kan prøva seg på fiske. Sjømat står på lunsjmenyen.

Basen for aktivitetsveka er Alchemilla drivhuset. Her skal borna leverast om morgonen og hentas igjen om ettermiddagen. Dei som ynskjer får frukost klokka 0800. Dersom veret blir så dårleg at det ikkje er mogleg å gjennomføra aktivitetane utandørs, flyttar arrangementet inn i drivhuset.

Kontaktpersonar er Bjørg Vestbø frå Frivilligsentralen og Tina Nådland på Innbyggertorget.