SJERNARØY: Både Finnøy kommune og Stavanger kommune sa ja til frådelinga, mens Statsforvalteren i Rogaland sa nei. Nå har sette-statsforvaltar, som er Statsforvaltaren i Vestland, sett på saka , og kome til same konklusjon som Statsforvalteren i Rogaland, detv tredje huset på garden bør ikkje skiljast frå.,

Eit vesentleg argument i søknaden er at tre bolighus utgjer ei stor utgift for garden, og at kapitalen som blir frigjort ved ei frådeling kan brukast til å rusta opp garden. Fråskiljinga er planlagt som ein del av generasjonsskiftet på garden, og søkjaren ser for seg å fortsatt hjelpa til i gardsdrifta. Men statsforvaltaren meiner hensynet til landbruksdrifta må vega tyngre.

"Plasseringa er slik at bustaden nærmast må sjåast på som ein uløyseleg del av bygningsmassen som naturleg høyrer til garden. Tilhøva ligg derfor ikkje til rette for å opne opp for ein sjølvstendig

bustadtomt her.

På lang sikt er det truleg at garden ved ei frådeling vil bli hindra i å utvikle og

omstille seg. Klassiske interessekonfliktar mellom bustaden og landbruket vil truleg oppstå ved,endringar som gjev nye ulemper for den frådelte bustaden, til dømes nye driftsbygningar eller,omlegging til utegangsdrift. Gardsdrifta vil òg kunne bli påført hindringar i drifta av slike,interessekonfliktar, og ei frådeling vil då gje eit mindre effektivt og berekraftig landbruk.

Vi har kome til at plasseringa er særs uheldig, primært fordi det er sannsynleg at tomta vil kome i

,konflikt med framtidige utvidingar ved nye arealbehov. Etter ei samla vurdering er vi kome til at,landbruksomsynet blir vesentleg tilsidesett ved ei frådeling", heiter det i vedtaket frå Statsforvaltaren i Vestland.