Frp-banneret på Nådå har fått gjennomgå nok ein gong.|Slik såg banneret ut før det blei øydelagt.

FINNØY:

-Det er ganske synd at me skal ha det slik på denne vesle øya, seier Ole Jan Naaden til Øyposten.,

Både Ole Jan Naaden og kona June er medlemmer av Frp, og satte opp banneret i samarbeid med partiet. Det fekk ikkje stå lenge før det blei fjerna av uvedkomande, bare for å dukka opp igjen, fint innpakka ikkje så lenge etterpå.

Slik såg det ut før det blei øydelagt. Foto: FOTO: Jone Bergøy Nedrebø

Nå har nokon på ny tatt banneret for seg, og denne gongen er det gått grundigare til verks. Banneret er flekka sund, og bare "Gratulerer" står igjen. Den delen som er flekka bort er fjerna.

Ole Jan Naaden er bortreist for tida, og blei varsla om hærverket av ein nabo.

-Det er ulovlig å driva skadeverk på annan manns eigedom, men eg tvilar på om det er bryet verd å melda saka til politiet. Ho blir truleg bare henlagd, seier Naaden, som ikkje har "peiling" kven som har gjort skadeverket.

-Eg tvilar på at det er ungar som har gjort det, men nokon må i alle fall ha vondt av at det stod der. Løye nok, for eg trur ikkje det som strod på banneret trakka nokon på tærne. Det er uansett dårlig reklame for demokratiet, seier han.

Nå vil han la det sundrivne banneret stå litt, slik at folk kan sjå kva som er gjort.

-Det blir nok lagt merke til. Eg har også ein liten plan om å setja opp noko annaleis som ikkje blir så lett å fjerna, og som kan stå til valget er over. Det var også tanken med banneret som nå er øydelagt, seier Ole Jan Naaden.

Også Frp-medlem Tor Bernhard Harestad på Bru er oppgitt og lei seg over det som har skjedd.

-Dette er både tarveleg og smålig, seier Harestad.

- Frp har gjort ein god jobb og fått fjerna ein stor utgiftspost for finnøybuen. Då er det ganske skammeleg å oppføra seg slik som dette. Heldigvis trur eg ikkje slik oppførsel har støtte hos veldig mange finnøybuar, slik eg kjenner dei, seier Tor Bernhard Harestad.