Dåp under open himmel
Meir enn 100 personar var samla til friluftsgudsteneste på Fogn i dag.
- Oddbjørg Måland
Denne artikkelen er over to år gammel
FOGN:
Ifølgje vêrmeldingane skulle regna komma klokka 1100, men slik blei det heldigvis ikkje. Ikkje berre hadde kyrkjelyden vergudane på si side, men gudstenesten blei i tillegg lyfta eit ekstra hakk med barnedåp. Sokneprest Ola Aasland Vold døypte sonen sin Natanael i ein flott dåpsseremoni under open himmel på kaikanten i Eidsvåg, leia av prest Fredrik Berge.,
- Dette var ei stor oppleving, sa den stolte faren då seremonien var over.
Etter gudstenesta blei det servert kyrkjekaffi før dåpsfylgjet reiste over fjorden til Fiskå for å feira vidare.
Så då stolane var slått saman, området rydda, og siste mann hadde forlate området, kom det lova regnet.