Trengande i Kvitevik må halda seg endå eit år

I fjor sommar spela Berit Hopland (H) inn eit forslag til kommunedelsutvalet om å få utplassert toalett ved badeplassen i Kvitevik på Finnøy. Spørsmålet blei sendt vidare til Bymiljø -og utbygging for utgreiing.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Kanskje blir det toalett på badestarnda i Kvitevik neste år. Foto: Oddbjørg Måland

FINNØY:

- Eg har lenge tykt det var nødvendig med eit toalett på badeplassen i Kvitevik, men har ikkje fått gehør. Det er mange som bruker badeplassen og med eit toalett på plass vildet det vera mogleg for endå fleire å bruka stranda, seier Hopland.,

Saka var til behandling i fjor men blei ikkje prioritert i årets budsjett.

- I løpet av hausten skal me laga ein oversikt over blant anna den offentlege toalett-situasjonen i kommunen, og samstundes kartlegga behovet for nye. Me ynskjer at folk skal bruka friområda og badeplassane, men det er mange prosjekt pågang, og kamp om midlane. Me har både eit driftsbudsjett og eit investeringsbudsjett å ta omsyn til, så det er ikkje så enkelt som me ville det skulle vera. Men det er grunn til å håpa at det blir moglegheiter neste år, seier konstituert seksjonssjef i Bymiljø – og utbygging, Katarina Lutcherath.