Trass i pandemien kan Johnny Johs. Furre fortelle om godt belegg resten av sommarsesongen.

SJERNARØY:

Gjester som skulle ha komme i mai og juni har ombestilt til august og september, eller til neste år. I juli har avbestillingar frå utlandet blitt erstatta med bestillingar frå nordmenn. Det er likevel betydeleg færre gjester både i mai og juni enn normalt,

- Me gjer kva me kan for å forsøka å fylle opp på seinsommaren. Sommaren har vist seg å bli betre enn frykta. Det såg ikkje så lyst i vår då avbestillingane byrja renna inn. Heldigvis har dette utvikla seg i rett retning, og slik koronasituasjonen er akkurat no, er eg positiv med tanke på den vidare sesongen, seier Johnny Johannes Furre ved Furrehytter og Sjernarøy Maritim.

Det er like vel eit lite skår i gleda. Så langt har to arrangement blitt avlyst på grunn av for låg deltaking.

-Ja, slik er det diverre. Folk er kanskje framleis litt bekymra for smittesituasjonen. Alle er ikkje fullvaksinerte ennå, og me høyrer stadig om lokale utbrot her og der. Neste laurdag skal me ha 100 gjester på skalldyrfest, men situasjonen endrar seg frå time til time, så det er berre å kryssa fingrane for at det let seg gjennomføre, som oppsett. Me har god plass, så det blir ikkje problem å oppretthalda «meteren», men me fylgjer spent med på, og innrett oss etter nasjonale og lokale smitteråd.

- Det er hytteutleige som er den økonomiske ryggrada?

- Absolutt. Om me må kansellera nokre arrangement får ikkje det så store økonomiske konsekvensar, i forhold til om hyttene skulle stått tomme gjennom sommarsesongen, men det er sjølvsagt ikkje kjekt. No som bommen i Finnfast er fjerna og prisane på ferjene redusert, burde forholda ligga endå betre til rette for at endå fleire ynskjer å oppleva øyane.

- Kor mykje har pandemien kosta deg?

- Ein god del. Men det blir ikkje så mykje i år som det tragiske fjoråret. No håper me å snart kunne legga pandemien bak oss og sjå framover, fortsetta der me slapp før koronaen gjorde sitt inntog, avsluttar Johnny Johannes Furre.