E39: Arbeidet med å tømma tankbilen er i gong
Arbeidet med å tømma tankbilen som velta for propan, starta like før klokka 14.30. Rundt fire timar seinare er det no ferdig.
E39: Arbeidet med å tømma tankbilen for gass var ferdig rundt klokka 18.30, og vegen blei igjen opna for trafikk.
– Det er trafikkaos i Randaberg sentrum på grunn av omkøyringa, fortalde ein lesar på telefon til Øyposten, rundt klokka 14.45.
Ein entreprenør blei henta inn for å bistå politiet med fleire folk til trafikkdirigering, etter at ein tankbil med farleg innhald velta på Randaberg mandag morgon.
25.000 liter propan
Nødetatene måtte sette opp ei sikkerhetssone på rundt 300 meter, ettersom lastebilen inneheld rundt 25.000 liter med propan.
– Det er absolutt eksplosjonsfare. Vogntoget er fullasta med propan, som er ein brannfarleg gass. Per nå er vinden i søraustleg retning og all trafikk blir omdirigert. Me skal ikkje ha noko trafikk gjennom her, seier innsatsleder Gunn Beate Stendal i Sør-Vest politidistrikt til ,<a href="https://www.nrk.no/rogaland/tankbil-med-brannfarlig-gass-har-veltet-pa-e39-i-randaberg-1.15667342">NRK Rogaland</a>,.
,#Stavanger: 0925 Melding om trafikkuhell, veltet tankbil ved utløpet av Byfjordtunnelen, i sørgående retning. Fører er ute av tankbilen. Nødetatene på vei,— Politiet i Sør-Vest (@politietsorvest) September 27, 2021
Tankbilen velta på E39 Mekjarvikveien like ved avkøyringa til Øvre Grødem/Randaberg, i retning Stavanger sentrum.
Politiet minner bilister som må ta omkøyring via Harestadveien og Randaberg sentrum, om å halde fartsgrensa.
– Det er skolevei og mange barn benytter denne veien.
Ikkje personskade
Føraren blei undersøkt av helsepersonell etter hendelsen, men framstår ikkje skada.
Mannen som køyrde er i slutten av 50-åra, og blei avhøyrd av politiet etter hendinga. Førarkortet hans blir beslaglagt på grunn av uaktsomhet.
Fartsgrensa i Byfjordtunnelen er i ettermiddag sett ned til 50 begge retningar, og det er skilta omkøyring etter tunnelen via Randaberg sentrum.
Trafikken såg elles ut til å flyta godt mot Randaberg, då Øyposten var på staden rundt klokka 13.30. Det kan likevel ventas kø nær Randaberg sentrum på grunn av omkøyringa.
Det oppsto lange køar ved Øvre Grødem på Randaberg på morgonkvisten, etter at tankbilen velta. Hendinga skjedde rundt klokka 09.30. Ein gassteknikar blei henta inn av politiet for å føreta kontroll av innhaldet i tankbilen, og ein entreprenør blei kontakta for å tømma bilen i etterkant.
– Det er per no ingen indikasjonar på lekkasje på stedet, opplyste operasjonssentralen ved Sør-vest politidistrikt, rundt klokka 10.30.
[ap_map id="4951" centerlat="58.99807673582228" centerLong="5.680944068950225" markerLat="59.00742055334314" markerLong="5.644097201262838" zoom="11.616111077352922"]