JAKTAR PÅ HAVETS KARDINAL: Mari-Anne Runestad frå Fogn tek ein siste sjekk før årets hummarsesong starta.

FOGN:

– Nå er alt klappa og klart, eg har kontroll på utstyret, og teinematen er forsvarleg oppbevart, smiler Mari-Anne. I dag tek ho fatt på sin tredje sesong som hummarfiskar.,

– Kva er det som har fått ei godt vaksen byjenta til plutseleg å interessera seg for hummarfiske?

– Hummerfiske er i stor grad ei mannegreie, på same måte som haustjakta, men det er ingenting i vegen for at jenter kan driva hummarfiske, det er minst like spennande for oss. Eg har alltid vore glad i krabbe, og hummar sjølvsagt, dei gongene eg fekk anledning til å eta det. Så slo det meg ein dag at me har jo alt som skal til for å gjera oss sjølvhjelpte, teiner, båt brygga og naust.

God fangst

Dermed sette ho i gang, og blei hekta umiddelbart.

– Sidan eg er lærar og har haustferien midt i sesongen, passar dette meg svært godt. Etter kvart har ungane også fått sansen for hummerfiske, spesielt eldste sonen har blitt ivrig. Av og til tek han med seg kompisar på fiske, men då får ikkje eg vera med.

Ein del hummar har det blitt på Mari-Anne i løpet av tre sesongar. Ho har lært seg nokre nyttige triks av ein erfaren fiskar.

– Eg er godt nøgd med fangsten, det blir oftast nok til nokre festmiddagar rundt juletider. Men eg veit ikkje kva som er «normalt». Det er jo ingen som vil jo fortelja kor mykje dei får, eller kor dei får den, bortsett frå ei bardomsveninne frå Hovda. Ho fortelte at då ho var lita fiska faren så mykje hummar at dei åt den til middag i kvit saus med poteter på ein vanleg kvardag. Det var sjølvsagt lenge før alle restriksjonane, og hummaren ikkje hadde same status som i dag. Kan du tenka deg?

Utålmodig

– Har du funne dine eigne hemmelege fiskeplassar?

– Nja.., eg har tru på sørsida av Halsnøy og i Bøvågen på Fogn, smiler ho lurt, og dreg fram ein liten boks med utstyr til teinene, nesten som ein «beautybox».

– Dette er handveska mi til godt uti november. Då reknar eg med at den største iveren har lagt seg. Men inntil den tid går eg «all in».

Snart lemper ho teinene som står fint stabla på kaikanten ombord i båten. Ho har ingen tid å mista, for snart er tida inne, og teinene kan lempast lovleg i sjøen.

– Klarer eg ikkje venta til i laurdag morgon, kan det godt henda eg sjekker eit par teiner allereie i kveld, avsluttar Runestad.