Fjordbris Hotell på Østhusvik.

RENNESØY

: Med fjorårets sommar friskt i minne var fleire av dei som driv overnatting og servering i distriktet uroa før årets sesong, men det viste seg å vera til ingen nytte.,

- Korleis sommarsesongen har vore? Betre enn venta. Fleire netter var det faktisk ikkje mogleg å oppdriva eit einaste rom. Me byrjar nærma oss eit normalår, og det er sjølvsagt svært gledeleg, seier Kai Risa i Sjøberg Ferie på Østhusvik. Han trur det fine sommarvêret har gjort sitt til at mange har blitt lenger enn dei fyrst hadde bestilt, og at mange har fått koronapass som gjer ting litt enklare.

- Det kan sikkert vera fleire ting, men eg trur bestemt vêret spelar inn. Dessutan er det ikkje så mange plassar som finare enn her når ein skal feriera i Norge.

- Kva skjer framover?

- Me tek ein månad om gongen, og kan ikkje sleppa oss heilt laust ennå. Det har byrjar tikka inn ein del bestillingar på kurs og konferansar, men det er førebels lite bestillingar på julebord. Tidene er usikre, og folk sit på gjerdet og avventar situasjonen, seier Risa.

Også hjå naboen, Fjordbris hotell, kan dagleg leiar Kjetil Mehus informera om ein god sommarsesong.

- Ja, eg må sei det, trass i situasjonen. Litt av og litt på, men det er som venta. Det kan sjå ut som om ting er i ferd med å venda tilbake til normalen. Belegget har vore godt i leilegheitene, bortimot fulle hus heile juli, og me har hatt ei god veke no med tanke på oppstart av kurs -og konferansesesongen. Når det er sagt, så står me framføre ein roleg sesong som treng å fyllast med aktivitet. Me trur det går vegen no, avsluttar Mehus.

Robert Raustein, drift og hotellansvarleg ved Utstein Koster hotell, seier til Øyposten at dei har opplevd ein svært god sommar, til liks med sine konkurrentar på Rennesøy.

Utstein Kloster Hotell har opgså gjort det bra i sommar. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

- Utfordringa vår har vore å få tak i nok folk til å halda hjula i gang. Det har vore ein hektisk sommarsesong med så godt som fullt hus heile tida. Etter at mange av dei tilsette blei permitterte på grunn av koronasitusjonen i fjor, har me ikkje greidd å få alle tilbake i jobb. Dei har gått inn i andre yrker eller byrja studera, og då er det ikkje enkelt å hanka dei inn igjen, fortel Raustein.

- Kva med hausten?

- Heile september er fullbooka med kurs -og konferansar, og det ser bra ut vidare framover også. Til og med enkelte julebordbestillingar har tikka inn, så det lovar bra. Eg trur det er all grunn til å sjå positivt på tida framover. Det kan sjå ut som ting er i ferd med å normalisera seg igjen, seier Raustein.