Ikkje så alvorleg som venta
Kvinna som køyrte utfor vegen ved Kindingstadvegen i dag tidleg er ikkje alvorleg skada.
- Oddbjørg Måland
Denne artikkelen er over to år gammel
FINNØY: Det opplyser politiet ved Sørvest politidistrikt til Øyposten.,
Det var i dag tidleg at politiet fekk melding om ei utforkøyring i sørgåande retning like før Kindingstadvegen på Finnøy. Ei kvinne i 20 åra blei køyrt til legevakta for sjekk, men er ikkje alvorleg skada. Bilen blei frakta vekk med bergingsbil.
Det var ingen andre involverte i ulukka, og det er ikkje mistanke om ruskøyring.