June Eike, dagleg leiar i Rennesøy Stein AS, får grønt lys for nytt brudd på Dalåker. Konsesjonen for det nåverande bruddet på Gangenes går ut om fire år.

-For øyeblikket er det mykje som står på vent når det gjeld veganlegg, som me tradisjonelt har levert mykje til. Men me håpar det det kjem i gang igjen om ikkje så lenge, heile anleggsbransjen  ventar på det, seier June Eike i Rennesøy Stein AS til Øyposten.,

Eike har hatt ansvaret for den daglege drifta av Rennesøy Stein sidan Kurt Andre Gangenes ga seg i jobben for fem år sidan. For eit år sidan tok dessutan Kristoffer Landa frå Finnøy over jobben som driftssjef.  Rennesøy Stein har åtte fast tilsette og ein innleigd. Fire av desse er frå Finnøy og Sjernarøy, tre frå Rennesøy og to er frå Romania. I tillegg er det ein person på deltid.

Rennesøystein er blitt eit varemerke frå øya, og stein herifrå pyntar opp i hagar og langs vegar mange stader. Heilt til Østlandet er det blitt levert løstein frå Rennesøy. Drifta starta forsiktig for 30 år sidan, då stort sett med levereansar til private mureprosjekt på Rennesøy. Men drifta tok for alvor av med Rennfast, kor også vegvesenet fekk åpna augene for å bruka naturstein i veganlegg i staden for betong.

I fjor var omsetninga rundt 24 millionar kroner, og den største enkeltkontrakten var 10.000-15.000 tonn rennesøystein til muringa langs utløpet av Eiganestunnelen langs E39 på Tasta. I tillegg til å ta ut løstein, knuser bedrifta ein del av den ukurant massen til pukk og singel.

- Overskotet av drifta i fjor blir nok ikkje betre enn det må vera, men det skuldast store investeringar i reguleringsplan for nytt steinbrudd og nytt utstyr, opplyser Eike.

Det nye bruddet som bedrifta håpar å få i gang, ligg på Dalåker på andre sida av Rennesøy, mot Vikevåg.

Det blir anslått at det er mulig å ta ut 300.000 kubikk løstein frå området, og søknaden gjeld for 10 års drift. Planen er å ta ut stein etappevis frå området, for å få mest mulig skånsom drift. Søknaden blei møtt med velvilje då han nyleg var oppe i kommunedelsutvalet i Rennesøy, og er nå lagt ut til høyring.

-Me blei kontakta av grunneigarane med spørsmål om me var interessert. For oss passar det bra, sidan konsesjonen vår på Gangenes går ut om fire år, seier Eike.

Ho reknar med at det vil ta omtrent tilsvarande tid før drifta på Dalåker kan koma i gang.

Ifølge Eike er det aukande etterpørsel etter naturstein både frå det offentlege og frå private. Såkalla håndstein til ein privat kostar 850 kroner per tonn pluss moms viss han blir henta i bruddet på Rennesøy. Det skal vera nok til å mura ein kvadratmeter, alt etter «steinauga» til muraren.

-Fordelen er at stein er eit naturprodukt, som ikkje går av moten. Dessutan er stein evigvarande, så her er det snakk om bærekreaftig gjenbruk i ordets rette forstand, fastslår Rennesøy Stein-sjefen.