- Eg lura litt på å jobba i utlandet. Ville oppleva noko annleis og nytt, så då denne jobben på Svalbard dukka opp på Finn.no, søkte eg.,

Det var hard konkurranse om jobben i Store Norske, men i juni sette Sondre seg på flyet for reisa på intervju. Ein regnfull og grå dag, men perfekt for ein kar som likar naturopplevingar.

  • Svalbard har mykje natur og mykje vær. Det er ganske rått når det står på her med stiv kuling, men eg er veldig glad i å kome meg ut.

  • Korleis er været hos deg i dag?

  • Minus 8-10 grader og snø. Det er betre vær no enn i juni.

  • Korleis taklar du mørketida?

  • Fok åtvara meg om mørketida, men eg synest ikkje det er noko problem. Sola ble borte har oppe 12. november og er tilbake i starten av februar.

  • Og i mellomtida ser du ingenting?

  • Nesten ikkje, hehehe...Neida, eg tenner litt ekstra lys inne og det er jo berre koseleg. Noko av det finaste med Svalbard er dei intense naturopplevingane du kan få. På tur ein skyfri og vindstille kveld, der berre månen lys opp landskapet. Med konturane av fjella. Og stillheita. Det er berre her ein kan få noko slikt.

Det tøffe klimaet sett sitt preg på gruvesamfunnet. I starten av desember var det såpass med uvær at ein evakuerte ei av gruvene fordi brøytemannskapane ikkje klarte å halde vegen open. Men på mange måtar er Sondre sin kvardag på Svalbard som før – arbeid og trening.

- Eg har ein meir variert jobb her oppe. Det er ikkje berre landmåling. I dag er eg på kontoret i Gruve 7 og gjer innkjøp, ein annan dag driv eg med landmåling.

- Slik at gruvene går rett veg, så og seia?

- Litt forenkla, ja.

- Og på fritida?

- Eg prøvar å kome meg mest mogleg ut, ikkje legga meg rett på sofaen. Då blir det ein joggetur, eller litt klatring eller fotball. Det er ein flott idrettshall ikkje langt unna. I helga kan eg ta meg ein tur på ein av pubane her. Det er jo eit imponerande uteliv i Longyearbyen.

- Er det lett å få vener på Svalbard?

- Ja, folk her er svært inkluderande, enten det er kollegaer eller andre. Det er eit godt miljø.