Hjem-Jobb-Hjem, men bare til Strand

Fylkeskommunen skal nå diskutera ei utviding av Hjem Jobb Hjem-ordninga. Men i denne omgang er det bare Strand som er på dagtsorden for Ryfylke sin del.

Frå fyrstkommande fredag er Finnøy med i billettordninga HjemjobbHjem.  Foto: Arkiv.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Den gunstige rabattordninga for reisande med kollektive transporttilbod har foreløpig i hovedsak vore retta mot tog og buss. Også båtrutene til byøyane har vore omfatta av ordninga, noko som skuldast at bilettane der går på busstakstar.,

Men i samband med Ryfast og at buss skal erstatta hurtigbåt til Strand vil fylkeskommunen diskutera ei utviding av ordninga. I budsjettet frå det politiske fleirtalet heiter det at "Det bes om en sak om hvordan HjemJobbHjem-ordningen kan utvides til også å gjelde bedrifter utenfor Nord-Jæren. I første omgang ses det på mulighetene for å inkludere Jær-kommunene og Strand kommune i ordningen. Saken legges fram i samferdselsutvalget våren 2020."

Ifølge fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg (Sp) vil også Finnøy og Rennesøy vera innanfor ordninga når dei to kommunane går inn i Nye Stavanger.

-Men korleis dette skal gjerast i praksis må koma i neste runde, når me har landa byvekstavtalen. Det er grunn til å tru at det vil vera pengar der som kan gå til ordninga. Førebels har ikkje hurtigbåtar vore omfatta ordninga, men dette er ei sak Nye Stavanger må i samarbeid med fylket og Kolumbus må sjå nærare på, seier Bergsvåg.

Publisert: