Tor Øyvind Skeiseid og Ryfylke Livsgnist står utan oppdrag og permitterer dei tilsette

Kommunedirektøren rår politikarane i Stavanger til ikkje å teikna medlemsskap i Ryfylkealliansen, nettverket av bedrifter og organisasjonar i Ryfylke som jobbar for å setja regionen på dagsorden.,

I går fekk nettverket høve til å presentera seg i kommunalutvalet i Stavanger, før saka kjem opp i formannskapet.

Etter presentasjonen seier Skeiseid til Øyposten at han håpar at Stavanger vil bli med.

-Det er enormt viktig at Stavanger er med. Stavanger har mange av innbyggjarane i Ryfylke innanfor sine grenser, seier Skeseid.

-Vil det bety slutten for Ryfylkealliansen viss Stavanger ikkje blir med?

-Nei, men det vil vera eit tilbakeskritt, seier Skeiseid, som også skal ha ei orientering for Sandnes-politikarane etter at Sandnes overtok ein del av Forsand. Forsand var også medlem i Ryfylkealliansen.

Ordførar Kari Nessa Nordtun seier at fleirtalspartia ikkje har bestemt seg for kva Stavanger skal gjera.

-Me utsette sakan for å få denne orienteringa, det er viktig før me bestemmer oss.

-Blei du overbevist etter å ha høyrt han?

-Eg vil ikkje røpa for mykje, det er ikkje tvil om at alliansen har levert gode resultater den tida han har halde på, seier Nessa Nordtun.