Det er denne brannvogna, som Ragnhild Opsahl Steigen i Sjernarøy vekst viser fram, som skal få tak over hovudet.

Vinteren kan vera rett rundt hjørnet utan at det funne ein eigna stad til oppbevaring av vogna gjennom vinteren. Denne saka har blitt ein verkebyll for grendalaget, kommunen og Rogaland brann og redning.,

Sjernarøy Vekst sendte i oktober ein mail til kommunen der dei uttrykker bekymring for brannvogna om den ikkje snart blir plassert på ein frostsikker plass, og ber dei ansvarlege prioritera saka.

- Brannvogna må sjølvsagt stå frostsikkert i løpet av vinteren, men det er Rogaland brann og redning som ivaretek brannberedskapen for kommunen, og som må ta tak i dette, seier beredskapssjef i kommunen, Torstein Nielsen.

- Nei, det er ikkje vårt ansvar å finna ein eigna stad til oppbevaring av brannvogna, det er det kommunen som må gjera. Det er kommunen som må stilla eigna lokalar til disposisjon, så er det vårt ansvar å læra opp brannmannskap og sjå til at brannvognene er i drift. Men me kan verken bygga eller leiga ein oppbevaringsplass. Når det er sagt vil me snarast ta initiativ til eit møte med kommunen i håp om at me i fellesskap skal klara å få ei avklaring på denne saka, seier Ståle Fjellberg, avdelingsleiar i Rogaland brann og redning.

- «Me ynskjer ikkje å komma i same situasjon som Fogn, der brannfolket oppdaga at vatnet i vogna var frose då ein bustad på øya sto i full fyr. Det er ikkje lett å finna ein egna stad som er stor nok. Målet er sjølvsagt å få på plass ein permanent oppbevaringsplass, men uansett må me få til ei midlertidig løysing før vinteren» Det sa nestleiar i Sjernarøy Vekst, Anders Vadla, til Øyposten då me skriv om saka i haust.