Nytt år i splitter nytt fjøs gir pågangsmot
Ekteparet Torgeir og Yvonne Heus Aartun kunne rett før jul ta i bruk detnye lausdriftsfjøset på Austre Bjerga i Sjernarøyane. Det er eiinvestering på rundt ni millionar, som dei håpar skal gi ein lettarekvardag på garden.
SJERNARØY:
Nyfjøset det andre lausdriftsfjøset med,mjølkerobot i øyane, og det første som er bygd som frittståande bygg.,
-Eg håpar det blir fleire etter kvart, slik at det blir eit godt miljø
for mjølkeproduksjon på Sjernarøy også i framtida, seier Torgeir Aartun,til Øyposten.
Dei fleste av mjølkefjøsa i øyane er frå 50- og 60-talet, noko som også
var tilfelle med fjøset til Torgeir og Yvonne.
Det var rett nok modernisert så langt som det gjekk an, men det nye
fjøset er i ein heilt annan divisjon, for å seia det slik. Mens det,gamle var knapt to meter under taket, er det nye lyst og luftig.,Grunnflata er på rundt eit mål med luftegardiner i veggene og lys- og,luftespalte i taket. I golvet er det spaltegolv av betong, mens,liggebåsane har gummimatter. Det er med andre ord alt eit nytt fjøs skal,ha.
Varme frå mjølka
Fjøset har plass til 90 dyr, med bingar for kalvane på eine sida og
kyrne på andre sida. Mjølkerobot og lettvint fôring høyre sjølvsagt,også med, og mellom dyra ruslar ein stillferdig robot som tek seg av,måkinga.
Sjølv om kyrne bare har hatt eit par veker til å gjera seg kjent,
begynner det å «gå seg til» for dei fleste når det gjeld fôring og,mjølking. Noko av det første dei oppdaga, var den automatiske,kløbørsten, som er blitt eit populært tilbud i kuflokken.,Varmen frå kumjølka blir brukt til å varma opp vatnet til vasking og,lunka drikkevatnet til dyra. Lunka drikkevatn, spesielt om vinterengjer at dyra drikk meir vatn. Drikk kyrne for lite, kan det gå ut over,mjølkemengda og dyrehelsa.
Fritt ut og inn
Om sommaren skal kyrne kunna gå fritt ut og inn av fjøset, og sjølv gå,inn frå beite for fôring og mjølking.
-Det krev nok litt tilvenning, spesielt for dei eldre kyrne. Men ifølge
andre som har same opplegget skal det gå bra, seier Aartun, som reknar,med ein lettare arbeidsdag når nyfjøset er blitt innkøyrd, i forhold til,korleis det var i den gamle løa frå 50-talet.
-Eg må ikkje vera på plass for mjølking kvar morgon og kveld, kvardag
som helger. Eg reknar med at det nye fjøset vil gjera kvardagen min,meir familievennleg, seier han.
Eit kapittel for seg var sjølve bygginga av fjøset, som ligg på toppen
av Bjergøy. Vegen opp dit er både bratt og svingete, og ikkje bygd,korkje for betongbilar eller semitrailarar.
-Men med kreative og flinke sjåførar gjekk det heilt fint, seier Torgeir
Aartun.
Betongbilar i revers
Til dømes valde betongbilane å bakka opp, for å unngå å søla betong. Til,første støypen var det sju bilar som bakka etter kvarandre oppover den,rundt ein kilometer lange og bratte vegen opp til fjøset. Det var nok,ikkje kvardagskost for betongbilsjåførane.
-Eg trur dei syntes det var moro, seier Aartun nøkternt.
Lasta med takplater og stålkonstruksjonar måtte lossast på den nedlagde
ferjekaien på Nesheim, og fraktast opp med vanlege lastebilar.,Semitrailarane ville ikkje hatt sjans til å koma seg gjennom alle hårnålssvingane, som det ikkje er mindre enn seks av.
Prissmell på driftsmidlar
Innreiinga sørga Torgeir Aartun sjølv for å kjøra opp med traktor, og har med hjelp av familie og gode hjelpararogså montert henne. Sidan han har fagbrev som elektrikar, ordna
han også denne delen av jobben sjølv. Elles er det stort sett brukt,lokale firma som Østhus bygg, Finnøy Rør, Finnøy ContractingAartun Maskin og Bor og Spreng frå Finnøy pluss Felleskjøpet når det,gjeld innredning og innandørs mekanisering.
Garden har ein kvote på 360 tonn, inklusiv leigekvote, og Innovasjon
Norge har stilt opp med eit tilskot på 1,6 millionar kroner. Resten må,garden klara å forrenta sjølv.
-Reknestykket viser at det skal gå rundt. Men kraftig prisauke både på
straum, kraftfor og gjødsel gjer at me forventar at myndighetene fylgjer,opp og gir oss betre betalt for det me leverer. Viss dei vil ha eit,landbruk, slik dei seier dei vil, må me kunna rekna med det, seier,Torgeir Aartun.