Trimpoengappen har fått folk opp av gostolen og ut i naturen. Illustrasjonsfoto.

FINNØY:

Det går mot «sesongslutt» for suksessappen Trimpoeng Finnøy Topptur 2021 som blei sett ut i livet i vår. Over nyttår kjem den tilbake i ny og betre utgåve.,

Trimpoengappen viste seg kjapt å bli ein kjempesuksess som har virka nøyaktig etter hensikta. Rundt 700 har lasta ned appen, og langt dei fleste brukar den effektivt. Alle som har lasta ned er med i konkurransen som går ut på å samla flest mogleg turpoeng. Jo fleire turar, jo fleire poeng.

Små justeringar

,- Det er vanvitig mange turar og mil som har blitt tilbakelagt i løpet av dette året. Me er kjempeimponerte over at så mange har komme seg opp og ut på tur i løpet av 2021. Dette er folkehelse på sitt beste, fortel Ragnhild Valand som er medansvarleg for at mest halve Finnøy har oppdaga gleda ved å komma seg ut i naturen.,-

Korleis blir den nye appen

?,

- Den blir ikkje ulik den gamle. På bakgrunn av tilbakemeldingar og erfaring frå brukarane blir det blant anna litt justering på poengfordelinga. Elles er det nokre turar som forsvinn, medan nye er lagt til. Den nye appen har fått namnet Finnøy og Rennesøy topptur 2022.

No skal dei snart premierast dei som har vore med gjennom året. Det er 10 premiar som skal delast ut etter fylgjande kriterium: Flest poeng, flest turmål, 50 000 poeng eller meir, 20 000– 50 000 poeng, 10 000 – 20 000 poeng, 5 – 10 000 poeng, 2 trekningar blant alle over 1000 poeng, samt èin trøstepremie for kategorien under 1000 poeng.

-  Det er ikkje heilt slutt ennå. Det går an å samla poeng heilt fram til det nye året startar, så det ingen grunn til å ikkje å stå løpet fullt ut, smiler Valand som håper at minst like mange vil lasta ned den nye appen når den er klar over nyttår.

Slik er poengfordelinga i toppen per 13.desember:

Monika Steinsland 154 830 poeng

Janne Grethe Rørheim 152 770 poeng

Berner Meling 106 260 poeng

Tor Elisabeth Glimsdal Sandanger 102 760 poeng

Ingrid Gard 77 070 poeng

Marit Reilstad 73 621 poeng

Thorild Vårdal 63 950 poeng

Else Jorunn Løland 60 137 poeng

Helga Tyttlandsvik 57 270 poeng

Grete Meling 56 198 poeng