Kaféen på innbyggartorget er midleritig stengt, men kommunen jobbar med å få på plass nye aktørar.

FINNØY:

Eitt år etter oppstart, pakka Ryfylkekokken sist laurdag og sundag ned kafeen i innbyggartorget. Selvaag skal til med andre oppgåver som gjer det vanskeleg å kombinera med kafedrifta.,

- Akkurat no jobbar me med å finna vegen vidare for kafedrifta. På sikt ønskjer kommunen ein ny aktør som kan drifta kafeen på torget, og kjem til å gå ut med utlysning av konkurranse som sist. Det kan henda det blir ei mellomløysing før ein tilbydar er på plass, opplyser leiar av innbyggartorget, Rita Lindås.

Innbyggartorget held fram som før og er ikkje påverka av det som skjer med kafeen. Det blir mellom anna «Bondekafe» og rådgjevningskontoret for høyrslehemma fystkommande torsdag, og sundag er innbyggartorget møtestaden for TV aksjonen 2021, som er arrangert av kommunedelsutvalet.

Same tenester

- Her på huset opererer me akkurat som før, med same opningstider og med dei same tenestene. Det går framleis an å få seg ein god kopp kaffi, men me kan diverre ikkje by på fersk bakverk til, enn så lenge.

- Når trur du eit nytt tilbod er på plass?

- Me ser føre oss ein ny driftar på nyåret, men me er heilt i startfasen på dette arbeidet, og kan ikkje sei sikkert, avsluttar Lindås.