Hesby barnehage på Finnøy er alt vedteken lagt ned.

FINNØY: Kommunedirektøren føreslår at Hesby barnehage legges ned i august 2022. V

iss dette blir vedteke den 13. desember, vil barna få tilbod om plass i ein anna barnehage frå og med august 2022.

Det same kan skje med Roaldsøy barnehage, opplyser Stavanger kommune på sine nettsider.

Hesby barnehage er tenkt avvikla på grunn av låge søkartall, samt ledig kapasitet i andre barnehagar på Finnøy.

Nedgang i barnetall

Kommunen sin barnehagebruksplan oppdateres kvart år. Då legg kommunen fram forventa behov for barnehageplassar for åra som kjem.

Færre barn gir mindre behov for barnehageplassar. «Ein svak auke i antal fødslar i år har liten innvirkning på dette», står det vidare på kommunen sine nettsider.

I dag har Stavanger rundt 1200 færre barn i barnehagealder enn i 2014. Dette er ei utvikling som vil fortsetta dei neste åra: I 2025 er det venta behov for rundt 500 til 600 færre barnehageplassar enn i dag. Det samla behovet vil då bli om lag 7000 plasser, står det vidare.

Barnehageåret 2022/23 ventes det at det er behov for rundt 210 færre plassar, enn i år.

Reduserer kapasiteten

Difor foreslår kommunedirektøren å redusera den samla kapasiteten, med nettopp 210 plassar, frå august neste år. Dette vil dei i hovedsak gjera ved å redusera antal plasser innad i barnehagar, uten at det skal ha konsekvens for barna som allereie har plass.

Men sidan den venta nedgangen er så stor og langvarig, er det likevel vanskeleg å unngå avvikling av heile bygg, ifølge kommunedirektøren.

Du kan lese heile forslaget til barnehagebruksplan her.

Planen er sendt til politisk behandling og skal vedtas i kommunestyret 13. desember.