-Flott at regjeringa viser at ho bryr seg om oss, seier Jon Olav Runestad.

Den tidlegare Krf-profilen feller ein klar og tydelig dom over fognbuen sin tilnærming til Øyfast. Sitat:

,”

Den største nedturen var då fognbuen vraka planane om bruforbindelse til fisterøyane og Halsnøy. Alt låg til rette for at dette ville bli vedteke i fylket, men krefter på Fogn benytta alle sine kontakter for å torpedera prosjektet. Dermed skrinla fylket heile greia til slutt”.

Det kan sjå ut som Eggebø har latt seg inspirera av Donald Trump sine fornøyelige evner til å laga konspirasjonsteoriar samt vrenge på fakta. Eg er ikkje så hårsår, men svært mange fognbuar blei  oppriktig leie seg når dei registrerte Eggebø sine klare synspunkter i intervju med Øyposten.

Hr. Eggebø, nå er du etter mitt syn langt ute på viddene! Kor har du dekning for dette oppkoket?

Ein feilaktig påstand blir ikkje meir riktig sjølv om den blir gjenteken gong på gong. Ein bør ikkje rette bakar for smed.

Eg kunne  trøtta leserane med haugevis av dokumenter og sitater vedrørane prosjektet Fogn-Børøy, men då sovnar vel lesarane.

Då prosjektet stranda blei det tydeligvis moro å peika ut syndebukkar. Dette kunne være ulike grendalag, Bavariaklubben ved Frode Sjøthun,ulike  friluftsorganisasjonar, den mektige Daniel Nedrebø i Helgøysund, laber interesse fra Hjelmeland kommune og sist men ikkje minst Rune Pedersen som organiserte det berømte konjakkmøtet på N. Hidle hausten 2013.

Det seiest at ein suksess har mange fedre, men ein fiasko har kun ei mor. Eg kan opplysa Askild Eggebø om at ”mora” i dette tilfellet ikkje var fognbuen, men derimot dei økonomiske tyngdelovene.

Her er litt fakta:

Da saka starta i 2010 var kostnaden med å binda Fogn saman med Halsnøy berekna til kr 250 mill.Så blir forbindelsen  Halsnøy –Børøy teke inn i prosjektet med ein tilleggskostnad på 90 mill. Desse 340 mill. var tenkt finansiert med 290  fra fylket og 50 fra bompengar.

Etter nye og omfattande tekniske vurderingar endar ein i 2013 opp med ein kostnad på kr 686 mill. for delen Fogn-Halsnøy og 637 mill. for Halsnøy-Børøy. Når kostnadane for eit fylkevegprosjekt  stig fra 250 mill. til 1323 mill så treng ein nok ikkje så mange minutta med kalkulator  for å oppdaga utfordringa. Riktig nok var det her 130 mill. i auke grunna endra momsregelverk.

Det er mulig at Eggebø let seg forstyrra av debatten rundt utpeiking av felles ferjekai for prosjektet. Her er det til å opplysa at fylket gjorde utgreiingar av 4 undervarianter for valg av ferjemønster.  Av desse hadde  3 av alternativa Fogn ferjekai som utgangspunkt, og eit nytta Halsnøy ferjekai.

Sak 59/13 blei avgjort i Fylkestingsmøte 22. okt. 2013.

Eg vil avslutte alle desse detaljene med sitat fra deler av Fylkesrådmannen sin saksutgreiing:

,”

Prosjektet som helhet eller kun delprosjektet Fogn-Halsnøy kan ikke gjennomføres som opprinneleg intendert basert på innsparte ferje-og hurtigbåtsubsidier over ein 40 årsperiode. Grunnlaget for bompenger målt i fremtidig årsdøgntrafikk vurderes som marginalt. Investeringsmidler over fylkeskommunens  veibudsjett  finnes heller ikke i tilstrekkelig omfang i langtidsperioden fremover. Denne vurderingen gjelder uavhengig av lokalisering av fremtidig kai ved realisering av forbindelsen  Fogn-Halsnøy.”

Obs lesarar, merk siste setning!,

Om ikkje Eggebø har  andre faktakjelder, så meiner eg at han skylder fognbuen ei årsaking , eller ei forklaring. Det aller beste ville vore om Eggebø kunne stilt seg tilgjengelig som samferdselpolitisk rådgivar  for dei ikkje-landfaste øyane. Eg håper det går mange år før Askild Eggebø skal kvila på Hesby, og at han i framtida heller  brukar  litt energi for å bakke opp Henrik Halleland Krf. i det særdeles utfordrande arbeidet med å få prosjektet Øyfast inn i fylkesvegbudsjetta.

Jon Olav Runestad  Fogn.