Idyllar i øyane, avsett til utbygging, kan bli bandlagde som LNF-områder.

FINNØY: Det var leiar av utvalget, Birger Wikre Hetland (Sp) , som under møte i kommunedelsutvalget tirsdag fremja forslaget. Då  med grunngjeving i at det ville vera med på å sikra god oppslutning rundt stortingsvalget neste haust, og ved komande valg.,

Dei to stemmekrinsane er dei minste i Stavanger kommune, med 20 røysteføre på Nord-Hidle og 91 røysteføre på Halsnøy. Kommunedirektøren peikar på at dei røysteføre ikkje lenger blir kryssa av i manntalet for hand, men registert elektronisk. For å få dette til må datautstyret riggast opp dagen i forkant.

Konklusjonen er difor at det vil vera best og mest effektiv bruk av ressursar om dei som skal stemma heller avgir si stemme på Finnøy. Det er mest hensiktmessig fordi alle må innom Judaberg for å koma vidare til «si øy», skriv kommunedirektøren, som også peikar på at veljarane kan avi stemmer i kva lokale dei ynskjer. Det er gode muligheter til å forhåndsstemma både på Judaberg, i Vikevåg og i Stavanger kommune for øvrig, skriv kommunedirektør Per Kristian Vareide i si tilråding.

Men kommunedelsutvalet i Finnøy vil det annanleis, og meiner dette er n oko Stavanger må ta seg tid og ha råd til.