Kristian Spanne helsar på representantar frå Stavanger kommune, som er på besøk på Finnøy for å høyra om biogassanlegget. Frå venstre Tove Sivertsen i TEAL, Kristian Spanne i Bioenergi Finnøy, ordførar Kari Nessa Nordtun, Dag Mossige (ap), varaordførar Dagny Sunnanå Hausken og Birger Hetland (sp).

FINNØY:

Dagleg leiar, Kristian Spanne, har venta og venta på svar frå desse tre store regionale gigantane innanfor energi og landbruk i lang tid. Han opplyser også at han var i ferd med å gi opp heile biogasskonseptet etter som tida gjekk, og ingen ting skjedde.,Mest fordi det var ein klar føresetnad å ha med desse viktige regionale  aktørane i den tre trinns strategien som var lagt til grunn for å sikra eigenkapitalen til bygginga av produksjonsanlegget på Lauvsnes.,-På møte i går, tysdag, blei det tydeleg signalisert at både IVAR, Felleskjøpet Lyse Energi  hadde hatt ein grundig fagleg og økonomisk gjennomgang for å kvalitetsikra prosjektet av sine fagfolk på området. Dei signaliserte også at dei ville innstille til sine respektive styre om at dei skulle gå inn med til saman 6 millionar kroner i eigenkapital for å realisera eit bigassanlegg på Finnøy, opplyser Spanne.,Saman med dei tre andre styremedlemene, Arne Bergøy, Trond Spanne og Jon Landa deltok Spanne på møte, tysdag ettermiddag.,

11 millionar i eigenkapital

Dagleg leiar, Kristian Spanne, opplyser at heile biogassanlegget er kostnadsrekna til 60 millionar kroner. Store mengder husdyrgjødsel frå landbruket i Finnøy og Rennesøy skal nyttast som substrat /råstoff i produksjonen av biogass. Det vil også styrka det lokale landbruket, som med dei nye gjødselforskriftene som er på trappene, vil få ei stor utfordring med å bli kvitt all husdyrgjødsla.

- I tillegg kan me ta imot planterestar frå den lokale tomatproduksjonen og diverse slakteriavfall m.m., fortel Spanne.,-Stavanger kommune er alt inne med tre millonar kroner og lokale investorar har signalisert at dei kan bidra med to millionar kroner. Når då alt tyder på at desse tre store aktørane også vil bidra med til saman 6 millionar kroner, har me fått inn 11 av dei omlag 20 millionar kroner som me treng i eigenkapital. Deretter satsar me alt på at Enova kjem på banen med eit beløp som gjer at me endeleg kan setja spaden i jorda, legg Spanne til.,-Og på toppen av dette, så kom opplysninga om bortfallet av bompengar i Finnfast. Det vil gi 400 000 kroner i reduserte transportkostnader på leveranse frå Rennesøy. I tillegg vil me også få ein annan bruk av tørrdelen i biorestane i sjølve produksjonen av biogass. Det vil gi ei ytterlegare  innsparing på 0,8 millionar kroner.,Så nå skimtar me endeleg eit lys i denne "årelange biogasstunnelen", avsluttar ein betydeleg meir optimistisk dagleg leiar i Bioenergi Finnøy AS, Kristian Spanne.