Johnny Johs. Furre saman med dottera Hanne Fagerheim Furre. Han fekk ansvaret for for drifta av reiselivsbiten av Furre kasta i fanget då faren døydde brått før jul i fjor. |Trass i pandemien kan Johnny Johs. Furre fortelle om godt belegg resten av sommarsesongen.

SJERNARØY:

Det er ein omfattande virksomhet Johnny Furre plutseleg fekk i fanget.,

I dag har "Furre Gaard", som han likar å omtala virksomheten som, med dotterselskapa Furrehytter og Sjernarøy Maritim, 150 sengeplassar og ein restaurant med plass til 400 gjester.

I tillegg kjem sjølve garden med 17 mjølkekyr og snaut 70 sauer pluss 700 dekar jord som skal haldast ved like.

Furre har i dag full jobb i Stavanger, som salgssjef for telefonileverandøren Phonero,

-Heldigvis har eg ein forståelsesfull sjef , og takka vera koronaen har digitaliseringa tatt eit stort sprang framover. 90 prosent av kundemøta våre skjer nå over video, noko som gjer at eg kan kombinera drifta av Furrehytter og Sjernarøy Maritim på Sjernarøy, seier Johnny Furre til Øyposten.

Etter at det første sjokket har lagt seg, begynner ting nå å falla på plass. Planane for sesongen er langt på veg lagt, med komletorsdag på Skjærtorsdag som startskotet.

-Det er ein tradisjon eg vil føra vidare, seier Furre. Påskedansen derimot, må utgå i år på grunn av korona'en. Men Furre lovar å koma sterkt tilbake med ein skikkeleg "Itte-korona fest" på Sjernarøy Maritim.

Skiltet er nytt, men foreløpig skal drifta gå som før, seier Johnny Johs. Furre. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Noko av det kjekkaste far visste var å stella til arrangement både for fastbuande og tilreisande. Me kjem difor til å gi full gass vidare i hans ånd, og eg vil gjera mitt beste for at det alltid skal vera noko på gang hos oss, slår Johnny  Furre fast.

Å plutseleg måtta overta ansvaret for drifta på kort varsel har bydd på utfordringar.

-Det har vore enormt mykje å setja seg inn i, for far stod på like til det siste og hadde ingen planar om å trappa ned. Far var sjølvsagt på fornavn med mange av gjestene, som kom igjen år etter år. Difor hadde han ganske enkelt notert i permen sin at "Schoeman" har bestilt to veker i hytte 20, men ingen epost, telefonnummer eller fornavn. Han hadde sjølvsagt full kontroll på kven denne Schoeman var, mens me bare får håpa at det er den rette Schoeman som dukkar opp, humrar Furre.

Dessutan har koronaen gitt hovudbry også for komande sesong. Kanselleringane har tikka inn i takt med auka smitteutbrot.  Det skulle kome to fulle bussar med slovakiske fisketuristar i mai, men denne turen er nå kansellert.

Familien har likevel ikkje lete drifta av utleigehyttene sigla sin eigen sjø, sjølv om utledningane uteblir. I staden har dei satsa på nordmenn som vil feriera på vakre Sjernarøy. Det har slått til, for i påsken begynner det å bli ganske fullt med bestillingar.

Johnny Furre har formelt ikkje overteke Furre-garden ennå, og foreløpig reknar han med å halda fram med jobben i byen.

-Så lenge eg kan kombinera jobben i Phonero, og saman med mor har kontrollen på Sjernarøy, blir det nok ein god del pendling. Eg har nemlig både kone og barn i byen, men på litt sikt blir me nok fastbuande på Furre alle saman, seier han.

Foreløpig er han i tenkeboksen når det gjeld opplegget for drifta framover. Planane om å byggja om deler av restauranten til utleigehytter er foreløpig sett på vent, er han og mora Olaug Juliane blitt enige om.

-Far hadde planar om det, og me vil gjerne fylgja det opp. Men først må me få hovudet over vatnet og sikra drifta. Så får me sjå etter koronaen, seier Furre.

Sjernarøy Maritim og bryggedans har for mange vore sjølve Sjernarøy-sommaren, og det lovar Johnny Furre at det blir fleire av.

-Kva med konsertar med kjente band, som det har vore fleire av opp gjennom åra?

-Me skal nok ha konsertar, men i mindre målestokk enn før, i alle fall i næraste framtid. I fjor hadde me ein konsert md Hanne Vasshus som var svært vellukka, Det vil me garantert prøva igjen, seier Furre, som oppfordrar alle som har noko å bidra med til å ta kontakt.

Denne sommaren er det elles alt fleire arrangement på plakaten. Det blir komlemiddagar i juli og  fiskefestival. Dessuten er planen å ta opp igjen  tradisjonen med Sjernarøymarken.

-Målet er at det skal skje noko hos oss kvar laurdag i juli. Derfor har foreløpig me to nyheter på programmet: "Bede for bede", som er ein lokal versjon av NRKs "Bet for beat" og skalldyrfest, opplyser Furre.

Gardsdrifta på Furre skal også halda fram som før, og den er det mor til Johnny, Olaug Juliane Furre som vil ha ansvaret for.

-Det er det eg likar best å stella med. Fridtjov bruka å seia at han ville driva med kyr til han blei 90, så det må me fylgja opp. Difor har me nettopp kjøpt tre kyr, det er i hans ånd, avsluttar ho.