Det er Lars Tore Klepsvik frå Østhusvik som skal skriva boka om då Rennesøy blei elektrifisert, med utgangspunkt i den gamle kraftstasjonen i Eltarvåg i bakgrunnen. (Foto: Rune Nedrebø)

RENNESØY:

Historielaget søkte i si tid Rennesøy kommune om 60.000 kroner, som skulle gå til å ta vare på den gamle kraftstasjonen i Eltarvåg, Austbø kraftstasjon. Dessutan skulle det gjevast ut eit hefte om "Då straumen" kom.,

I sommar måtte historielaget kasta inn handkleet når det galdt kraftstasjonen. Planane blei for ambisiøse, og det lukkast heller ikkje å etablera eit vennelag som tenkt for kraftstasjonen. Historielaget hadde då brukt eit par tusen kroner på forarbeidet, og søkjer nå Stavanger kommune om å få bruka resten av pengane til å gje ut ei bok om då straumen kom til heile Rennesøy.

Men kultursjefen ville ikkje gå med på forslaget. "Rennesøy historielag kan omdisponere kr. 15.000 av den resterande summen, kr. 58.000, til å utgje heftet: "Då straumen kom. Ei forteljing om då elektrisiteten kom til Rennesøy. Dei resterande kr. 43.000 kan overførast Stavanger kommune. Kontonummer 3201 05 08060", heiter det i vedtaket som nå kjem opp til politisk behandling.

Rennesøy historielag meiner at å bruka alle midlane på å gje ut historia om då Rennesøy fekk straum, ligg innanfor kriteria for løyvinga Rennesøy kommune gjorde, og bed også Stavanger kommune visa kva lovheimel kommunen bruker for å oppheva eit vedtak gjort i Rennesøy kommune.

Leiar i Rennesøy historielag, Anny Hatlen, stiller seg uforståande til søknaden.

-Dette er pengar me alt har fått av Rennesøy kommune. 15.000 rekk knapt nok til trykkeutgiftene ein gong. Dette er ein viktig del av Rennesøy si historie som me gjerne vil dokumentera gjennom boka, seier Hatlen til Øyposten.

Boka skal etter planen skrivast av Lars Tore Klepsvik frå Østhusvik. Rennesøy fekk straum lenge før andre øyar i Ryfylke. Kraftstasjonen på Dale blei bygd i 1933, mens kraftstasjonen Austbø kraftstasjon i Eltarvåg blei sett i drift i 1938. Då fekk heile Rennesøy straum, og 20 år før til dømes Finnøy fekk straum.