FINNØY:

I sommar skal ho tråla heile kommune på jakt ettter velvaksne eiketrær.,

Ho har vore både i Stavanger, i Rennesøy og på Finnøy og Ombo, og denne veka har ho  saumfart dei sju Sjernarøyane med måleband og ipad.

- Det blir mykje gåing på kryss og tvers. Men det er ein alle tiders sommarjobb, eg får vera mykje ute på tur, seier Johansen til Øyposten.

Me treff henne i det ho skal visa oss eit eksemplar verdig til å bli registrert i Kvitevik på Finnøy. Eika står like ovanfor fylkesvegen, i ei bratt skråning, og har den foreskrivne omkretsen på over to meter.

-Denne er nok rundt 200 år, anslår ho.

Tananger-jenta studerer til vanleg økologi og naturfag på Universitetet for Miljø og Biovitenskap på Ås, og var heldig å få denne jobben i sommarferien.

-Har du funne mange sjeldne eiker?

-Hittil har eg funne flest eiketrær i Stavanger, faktisk. I Rennesøy fann eg ikkje så mange, men eg har godt håp om å finna fleire i Finnøy kommunedel, seier ho.

Jobben er ein del av prosjektet "Hole eiker" som Stavanger kommune har fått støtte frå staten til å gjennomføra. Vitsen er å få ein oversikt over gamle eiketrær, noko som kan koma godt med for eksempel i forhold til byggeplanar. Eldre eiketrærar må du dessutan ha tillatelse for å fella.

Viss nokon veit om gamle eiketrær, eller eikeskogar, vil ho bli glad for tips.

-Kva er definisjonen på ei hol eik?

-Det er alle eiketrær som har ein omkrets på meir enn to meter. Dei treng med andre ord ikkje vera hole, bokstavleg talt, opplyser Johansen.

Men, viss ei eik likevel skulle verra hol, så blir også det registrert. Då må åpninga vera større enn fem centimeter, og holrommet større enn åpninga. I tillegg registerer ho kva type bark eika har, om det er mykje lav og mose og om ho har blitt utsett for menneskeleg aktivitet, for eksempel at greiner er blitt sagd av. Også tilstanden i området rundt blir notert når det gjeld forsøpling og om det trengst rydding av busk og kratt.