Den som ventar på noko godt: Fredag blir hjemjobbhjem-dag

Endeleg blir den gunstige billettordninga for pendlarar med kollektivtransport gjennomført på like vilkår i heile kommunen.

Frå fyrstkommande fredag er Finnøy med i billettordninga HjemjobbHjem.  Foto: Arkiv.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY

: Fredag denne veka blir det formelt vedteke at private bedrifter etablerte i Finnøy og Rennesøy kommunedel får bli med i hjemjobbhjem-ordninga.,

Det er styringsgruppa for bymiljøpakken og fylkeskommunen som skal møtas på fredag og gjera eit endeleg vedtak.

Finnøy og Rennesøy er inne i same takstsone som resten av Stavanger kommune. Det vil sei at arbeidstakarar som nyttar kollektiv transport til og frå jobb får ta del i denne gunstige billett-ordninga som kostar 515 kroner per månad. Bedriftene forpliktar seg til å subsidiera ordninga med 30 kroner per tilsett per månad .

- Styringsgruppa har frist på seg til å vedta ordninga innan utløpet av dette året. Dermed er det siste frist på fredag. Eg forstår eigentleg ikkje at denne saka ikkje blei banka gjennom i sist møte, for her er det berre snakk om ein formalitet, og alle er einige om at ordninga skal innførast, seier gruppeleiar for Kr.F, Henrik Halleland.

Publisert: