Arkitektteikning av den nye kristne grunnskulen på Tau.

STRAND:

-Det er stor pågang både frå Strand, Hjelmeland og Stavanger. I Stavanger er det flest elvar frå gamle Finnøy kommune, opplyser assisterande rektor Jo Sølve Dalane til Øyposten.,

I år er det fullt både på 8. og 6. trinnet, mens det plass på dei andre trinna.  Frå Finnøy kommunedel vil det begynna 12 elevar på 8. trinn i haust. Til hausten flyttar skulen i i nye lokaler med plass til 200 elevar, men førebels er det innreidd til 130-140 elevar.

Auditoriet i den nye skulen. Nybygget var kostnadsrekna til 65 millionar kroner.

-Det er nok ulike årsaker til at foreldre søkjer plass til barna sine hos oss. For nokre er det kristne grunnlaget til skulen avgjerandre, andre har behov for skulebyte av ulike årsaker mens andre ynskjer at barna skal gå på ein mindre skule, biletet er veldig samansett, seier Dalane.