Kolumbus jobbar med eit system som gjer det enklare å bestilla ringeruter, Foto: Arkiv|Øyvind Jakobsen (ap)|Øyvind Jakobsen (ap)|Daria Maria

STAVANGER: Fleirtalet ser det også som naturleg at staten aukar løyvingane til hurtigbåtane i Rogaland for å sikra ein god distriktspolitikk, og bed fylkeskommunen gå i ny dialog med staten om dette.,

Det blei resultatet då formannskapet torsdag skulle avgi si innstilling til forslaget om kutt i hurtigbåtrutene. Formannskapet vedtok også Henrik Halleland sitt forslag om at alternativ 3 til ruteopplegg, som er forslaget frå Ryfylkeaksjonen2020, kan "aksepteres". Kommunedirektøren gjekk i si innstilling inn for alternativ 1, mens Sp ville ha alternativ 2, som ifølge varaordførar Dagny Sunnanå Hausken var det forslaget som mellom anna Sjernarøy vekst anbefalte.

Øyvind Jakobsen (ap)

Det forslaget fekk likevel bare hennar stemme, og ho fekk heller ikkje fleirtal for å be Kolumbus om å vurdera ei løysing kor 10.30 ruta frå Stavanger går  kvar dag, samt ein seinare avgang frå Helgøy sjølv om ho her fekk Ap, mdg og Venstre med på laget.

Det var ei stund fare for at Stavanger ikkje ville ha noko meining om kuttet i hurtigbåtrutene, sidan ingen av dei fire forslaga som blei fremma fekk fleirtal. Men ordførar Kari Nessa Nordtun redda situasjonen, og klarte å snekra saman ei fleirtalsinnstilling.

Rødt og SV blei ståande åleine om å avvisa heile innsparingsplanen til fylkeskommunen, mens Frode Myrhol ville akseptera kommunedirektøren sitt forslag.

Under debatten var fleire inne på kor viktig hurtigbåtane er for Ryfylke. Eirik Faret Sakariassen (ap) kalla det Ryfylke sin motorvei, mens Øyvind Jakobsen (ap) peika på at dette er ei viktig distriktspolitisk sak for Stavanger for å halda folketalet i utkantane oppe, og helst auka det.

-Me vil gjera det meir attraktivt å bu utanfor sentrum, og då må me visa det. Som lokalpolitikarar må me kjempa for Sjernarøyane og Ombo,  sa Jakobsen.

Daria Maria Szymaniuk (mdg)

Daria Maria Szymaniuk (mdg) meinte at det ville vera lite smart å avvisa det foreslåtte kuttet til hurtigbåtane heilt, slik SV og Rødt foreslår.

-Det vil vera det same som å seia at Stavanger ikkje har noko meining om dette, meinte ho.