-Dette er bare heilt tragisk

Tor Bernhard Harestad måtte torsdag kveld vinka farvel til den danske slepebåten «Dolphin», etter at fjerninga av rusholken «Sea Pilot» har havna i internasjonale forviklingar og er utsett på ubestemt tid.

Tor Bernhard Harestad vinkar farvel, og filmar, avreisa til den danske slepebåten «Dolphin». Mannskapet vinkar tilbake.
Publisert: Publisert:

BRU: -Dette er ein stor nedtur, det er heilt tragisk, seier Tor Bernhard Harestad, etter at fjerninga av den gamle og rusta supplybåten ved Bru kai måtte avlysast.

Det er ikkje meir enn to dagar sidan havnedirektør Magne Fjell stolt kunne kunngjera at nå skulle rustholken bort. Den var seld til Danmark, slepebåten var på plass, og det juridiske var klarert.

-Dette er bare heilt tragisk, seier Tor Bernhard Harestad om at rustholken han er ombord på like vel ikkje blir fjerna.

Planen var å slepa supplybåten til Danmark, kor den skulle gå til opphogging. Det er det danske selskapet «Smedgaarden» som har kjøpt båten for rundt to millionar kroner.

Men først kom det innvendingar frå Miljødirektoratet med tanke på kva miljøbomber som kunne skjula seg ombord.

-Det blei etter kvart rydda av vegen. Men så blei det klart at skipet ikkje var under norsk flagg, det var registrert i Cap Verde. Dermed kunne ikkje fjerninga av båten gjennomførast, opplyser Harestad.

Han synes den vendinga saka har tatt er «veldig trist», og klarer knapt å fatta at det er tilfelle.

-Eg trudde alt var sjekka grundig, seier han.

Harestad vil likevel ikkje lasta nokon for det som har skjedd.

-Alle kan gjera feil, men det er trist for alle som bur rundt her på Bru, meiner han.

Mannskapet på «Dolphin» løyser trossene for å setja kursen heimover med uforretta sak.

Nå returnerer slepebåten til Danmark, men skal først bortom Karmøy for å henta ein annan utrangert båt, som skal slepast ned for opphogging.

-Selskapet har kjøpt tre utrangerte båtar frå Norge, og slepebåten kjem opp igjen over helga. Me må bare kryssa fingrane for at det då har gått i orden, slik at supplybåten kan bli fjerna. Den er så rusta og forfallen at den utgjer ein stor trussel for miljøet her, meiner Tor Bernhard Harestad, som har travle dagar i makrellmottaket på kaien på Bru.

-Viss den båten går til botnars er det kroken på døra for virksomheten min, slår han fast.