1. klassingar dekorerte Innbyggartorget

Marihøne, krabbe, sommarfugl og masse blomster. «Kunstverka» til 1. klassingar på Finnøy sentralskule dekorerer Innbyggartorget på Finnøy.

Hedda Spanne Fausk og Ane Vignes Isaksen med kvar sitt bidrag til utstillinga, ein sommarfugl og ein blomst.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Etterpå var det is til alle.

FINNØY: Dei fargerike teikningane er plastlaminerte og hengt opp på uteplassen til Innbyggartorget. Eigentleg var det planen å laga ei utstilling i fjor, men det sette pandemien ein stoppar på.

-Difor gjer me det i år, seier koordinator Rita Flesjå til Øyposten. Teikningane, som blei laga i fjor mens ungane gjekk i barnehagen, skal hengja «inntil vidare». Premien var ei kule is frå Bygdakokken til kvar.

Blant dei som har bidratt er Ane Vignes Isaksen og Hedda Spanne Fausk.

Hedda har laga ein fin sommarfugl.

-Kvifor akkurat det?

-Fordi sommarfuglar er så fine, svarar ho.

Nokre av dei fargerike kunstverka.
Blomster i mange fasongar.
Fine teikningar lyser opp på uteplassen til Innbyggartorget.
  1. Finnøy