– Tysdag klokka 10.17 fekk me melding om ein stor båt i drift på sjøen, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen:

– Båten var på veg mot eit oppdrettsanlegg ved Rossholmen utanfor Mosterøy.

Forsvaret blei kopla inn for å hindre samanstøyt.

– Den store båten blei slept inn av marinefartøyet Hauk, fortel Ellingsen.

Hauk blir på nettet omtala som ein pensjonert torpedobåt.

Eigaren av den store båten i drift er ein svenske i 60-åra, opplyser politiet.

Kart som viser oppdrettsanlegget Rossholmen:

Onsdag morgon 1. november er hendinga ved Rossholmen det einaste politiet har å melde om frå øyane sidan brannen i ei hytte på Bjergøy søndag.