Nå blir det endeleg hydrogendrift på «Hydra»
Viss du kikkar etter og ser kvit røyk stiga opp frå toppen av MF «Hydra», er det bare vanndamp. Då går ferja på hydrogen.
HJEMLELAND: I morgon klokka 12 er første turen som ferja gjer på hydrogen.
-Dette har me venta på lenge, seier kommunikasjonssjef i Norled, Cathrine Gjersten til Øyposten. På toppen av ferja er det ein kvit tank, som inneheld hydrogen.
-Hydrogenet kjem frå Tyskland med lastebil, for det er foreløpig ikkje produksjon av hydrogen i Norge, opplyser Gjersten. Dette er det første ferjesambandet i Norge som køyrer på hydrogen. Ferja «Hydra» skal gå 50–50 på hydrogen og batteridrift.