Tomatfestivalen direkte
Siste innlegg
Har du gode bilder eller historier frå Tomatfestivalen? Me vil gjerne høyre frå deg!
«Krigarane» vann tomatjegerløpet
Med tida 4.41 var det kompisgjengen «Krigarane» som laurdag ettermiddag vann rimeleg klart den store finalen i tomatjegerløypa, i konkurranse med kring 15 lag. Priemien er 7000 kroner som dei kan donere til eit frivillig lag i regionen.
Løpet markerte slutten på den store dagen under Tomatfestivalen. Laurdag kveld er det fest på Dickins og i fleirbrukshallen.
Straks klart til Tomatjeger
15 påmeldte lag går straks i ilden og skal forsere blant annet tomatbassenget ved Finnøy skule.
Varma opp til Tomatbonanza med minibonanza
Tøffe Alea klatrar til topps
Alea Sandvik synast det kila i magen då ho nådde toppen av klatretårnet. Men ho var ikkje redd!
Kokkekurs for barn i Griegbygget
Ryfylkekokken Frode Selvaag held kokkekurs for barn i Griegbygget på Judaberg
Klare med mat til festivalfolket
Quizleis vann quizen
Rett før midnatt fredag var det laget Quizleis som blei utropa til vinnar av årets quiz under Tomatfestivalen.
Quizleis vann eitt poeng føre «Amishbordet minus», med Kåre og Dorrit Vignes i spissen. «Kvinner i sin beste alder» kom på tredje. Quizmaster var Håvard Østhus og 32 lag stilte til start.
Alt klart for quiz i fleirbrukshallen
Fredag kveld er det konsert på Dickins og quiz i fleirbrukshallen. Quizen startar klokka 20.30, medan dørene opnar 19.30.
– Me har 32 påmeldte lag, men har 40 bord, så det er mulig å kome i døra, seier quizansvarleg Kolbjørn Settvik.
På kvart lag kan det vere inntil seks personar. Quizmaster er Håvard Østhus.
Vinnaren
Trygve Slagsvold Vedum blei med ei gruppe elevar og gjennomførte Tomatjegerløypa. Laget heiter Finansakrobatene. Dei vant over lærarlaget.
Tomatfestivalen er i gang
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum klipper snora og Tomatfestivalen er offisielt opna.
– De er heldige som får ein slik start på skuleåret, sa Vedum til havet av elevar, lærarar og arrangørar nede på skuleplassen.
Rett før snorklippinga dansa elevane Finnøydansen, øva inn på diskoteket kvelden før.
Trygve Slagsvold Vedum heldt tale
Trygve Slagsvold Vedum held tale ved Finnøy skule i samband med opninga av Tomatfestivalen
Mange tilstades for å sjå Vedum tale
Party Planner Haugesund stod for opningsshowet på plassen utanfor Finnøy skule fredag formiddag.
Opna Tomatfestivalen
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum, her saman med statssekretær Lars Vangen frå Finnøy. Seinare i dag skal dei innom Lauvsnes gartneri og heim til Lars for å vere med på ein episode av Finnøypodden.
Kiwi, Tine og Bedre og bedre
Kiwi-sjef Marianne Slåtten Mikkelsen har tatt med seg Tine og Bedre og bedre til Tomatjeger. Her vil de dele ut mat til deltakerne og bruker anledningen til å fremme sunt kosthold for skolebarna.
Premiar til deltakarane i Tomatjeger
Cathrine Selvaag viser fram dei flotte medaljane Tomatjegerane får i premie.
Godt nøgde med eigen innsats
Samarbeider om å kome fram
Ruth var først over mål i tomatjegerløypa
Elevane på Finnøy skule er i full aktivitet i tomatjegerløypa som er rigga til på kunstgrasbanen utanfor skulen.
– Her er det kjempegod stemning. Nå er det lag frå andreklasse og tredjeklasse som hjelper kvarandre rundt i løypa, seier Øypostens reporter Silje Talgø Klakegg.
Har rigga klar tomatjegerløypa
Fredag morgon er tomatjegerløypa ferdig rigga på kunstgrasbanen utanfor Finnøy skule. Klokka 11.50 kjem finansminister Trygve Slagvold Vedum hit for å opne Tomatfestivalen.
Øyposten følgjer festivalen tett med små oppdateringar gjennom heile helga.
Tomatnæringas hjartesukk om straumprisane
At Rogaland, som har 90 prosent av norsk tomatproduksjon, ligg i ei prissone der straumen for tida er tre gonger dyrare enn lenger nord i Sør-Norge og i Trøndelag, er noko som uroar og provoserer fleire.
– Rogaland må lære seg å krevje, ikkje berre be, sa tomatgartnar Martin Reed frå nordfylket under tomatkonferansen på Utsyn torsdag.