Tippar 3500 var innom Tomatfestivalen
Eventbyrået Mango er godt fornøgd med sin debut som arrangør av Tomatfestivalen.
– Me tippar at det var kring 3500 menneske innom festivalen laurdag. Det var nok litt færre enn i fjor, men alt i alt synest eg med landa på begge beina, seier prosjektleiar June Mjølsnes Steinnes i Mango.
Festivalen starta strålande med tomatseminaret på Utsyn torsdag og ikkje minst opningsshowet kring tomatjegerløypa ved Finnøy skule fredag. Laurdag, under den store marknadsdagen, blei det utfordringar med vind og litt regn og nokre utstillarar som trekte seg i siste liten. Mango har likevel fått gode tilbakemeldingar.
– Balansen i programmet er me veldig godt fornøgde med, seier prosjektleiaren:
– Me har ei liste med ting me kan forbetre til seinare, men til å vere vår første tomatfestival, så synest eg me fekk det bra til.
Om Mango var nye som arrangørar, var det mange erfarne i dugnadskorpset.
– Takk til alle som jobba dugnad og gjorde ein kjempeinnsats gjennom helga, og takk til alle som besøkte oss, seier Mjølsnes Steinnes.