Kvar laurdag klokka 09.30 møtest ei laust organisert joggegruppe på parkeringsplassen til turområdet Teigen på Finnøy for å jogge ei eller to rundar i skogen. I tillegg møtest dei til same tid julaftan, uansett kva vekedag det måtte vere.

– I år var det surt vær og dårleg oppmøte, men me var nokre stykkar som jogga ei runde, fortel Øystein Ekeland:

– Tradisjonen tru hadde Tor Øyvind Skeiseid med heimebaka delfiakake.

Om joggegruppa er å sei at kven som vil kan vere med. Underteikna er òg med når det høver, men julaftan høvde det ikkje. Terskelen er låg. Det er berre å møte opp.

Me tek elles med at fredag i romjula arrangerte Finnøy IL romjulsfotball for barn og vaksne i fleirbrukshallen. I open klasse stilte ni femmarlag til start. Laget «Tøsen i mål» vann etter ein jamn og tett finale mot «Halleland», melder Finnøy IL på Facebook. Namnet «Tøsen» har med Mr. Delfiakake å gjere, kan me legge til.

Så nei, julefeiringa treng ikkje vere stillesitjande.