For store utslepp: Anbudet på hurtigbåtruter blei skrota
Styret i Kolumbus har vedteke å avlysa anbudskonkurransen for dei nye hurtigbåtrutene. Tilbuda som kom inn ville gjort det umulig å oppfylla fylkestingets krav om 50 prosent kutt i utsleppa, ifølge Kolumbus-styret.
STAVANGER: -Tilbuda blei aldri ferdig evaluert, men mykje tyder på at me hadde endt opp med ei tiårig dieselløysning som hadde gjort det umulig å ivareta klimaforpliktingane, opplyser styreleiar i Kolumbus Hege Skogland Mokleiv til Øyposten.
-Sjølv om tilbuda aldri blei ferdig evaluert, tyder mykje på at hurtigbåtrutene dei neste 10–12 åra ville blitt trafikkert med dieselbåtar. Det er ikkje i samsvar med krava frå fylkestinget om at utsleppa frå hurtigbåtane skal kuttast med 50–55 prosent innan 2030, opplyser styreleiar i Kolumbus, Hege Skogland Mokleiv til Øyposten.
Dagens ruter blir vidareført
-Dette er ikkje ein optimal situasjon, men styret føler seg trygg på at det var rett å avlysa konkurransen basert på dei målsettingane Kolumbus skal ivareta gitt av fylkekommunen, legg styreleiaren i Kolumbus til.
-Kva skjer nå med anbudskonkurransen?
-Saka blir nå sendt tilbake til administrasjonen i Kolumbus, som skal utarbeida eit nytt kokurransegrunnlag basert på forutsetningane frå fylkestinget.
-Vil det bli lyst ut ny anbudskonkurranse i år?
-Kolumbus begynner nå arbeidet med å utarbeida eit nytt konkurransegrunnlag, og tidsrammama for det må me få koma tilbake til.
-Og kva skjer med rutene neste år?
-Når det gjelder det midlertidige rutetilbudet, så er det Kolumbus sitt utgangspunkt at dagens tilbud som skal videreførast, opplyser Hege Skogland Mokleiv.
I avlysingsbrevet som Kolumbus har sendt ut, heiter det mellom anna at fylkeskommunen har motteke tilsagn om støtte frå Enova og Miljødirektoratet til anskaffelse av batterielektriske hurtigbåtar og ladeinfrastruktur.
«Med det som utgangspunkt, innrettet Kolumbus konkurransegrunnlaget på en måte som skulle sikre at det ville komme inn tilbud med batterielektriske hurtigbåter på i alle fall deler av ruteproduksjonen.
Kan kasta tilbudet i bosset
Det ble også kommunisert til tilbyderne gjennom spørsmål- og svar-rundene at målet med konkurransen var å få ned klimagassutslippene, og at måten å gjøre dette på var å benytte så mange batterielektriske hurtigbåter som mulig til å kjøre den angitte ruteproduksjonen», heiter det mellom anna frå Kolumbus.
Dagleg leiar i Rødne, Lars André Rødne, er skuffa over vedtaket.
-Me har lagt ned utruleg mykje arbeid i å levera eit godt tilbud, men nå kan me bare kasta det i bosset. Det er heller ikkje ein kjekk situasjon for våre tilsette som fortsatt må leva i uvisse.
-Kjem de til å bli med på den nye anbudsrunden?
-Ja, me har ikkje noko anna val, dette er viktige oppdrag for oss. Men først må me få det heile litt på avstand, seier Lars André Rødne.
Han legg til at ifølge Kolumbus så skulle anbudet bedømmast ut frå pris, miljø og kvalitet.
-Det var det me forheldt oss til. Me leverte også inn eit alternativ med ei hybridløysing med batteri. Men det er pengane som rår, og å kutta utsleppa så mykje som fylkestinget krev ville blitt for dyrt, seier Rødne.