Meldte frå om daudt lam på Mosterøy – slik gjer du viss du finn skada husdyr

Ein sauebonde på Mosterøy fekk blant anna melding frå ein turist då han søndag mista eit lam på beite.

Turist Herman Gautefald har erfaring som sauegjetar i Drangedal og visste kva han skulle sjå etter då han søndag kom forbi ein daud sau på Mosterøy.
Publisert:

– Dei fleste sauer har telefonnummeret til eigaren skrive på øyremerket, seier Herman Gautefald.

Han er til dagleg naturfaglærar på Kvitsund gymnas, men var i helga på besøk i øyane. Søndag ettermiddag kom han i hop med Øyposten forbi ein daud sau på eit jorde på Mosterøy i nærleiken av Dysjalandsvågen.

– Når du finn skada husdyr, er det bra å varsle eigaren, seier Herman og går ned til det daude dyret for å sjå.

På øyremerket finn han telefonnummeret og initialane til eigaren.

Sauebonden er allereie på veg. Han hadde fått telefon frå lokale forbipasserande rett før Herman ringte.

– Det er bra at folk melder ifrå, seier sauebonden, som ikkje ynskjer å stå fram med namn:

– Eg antar at lammet har dauda av bråsott. Eg har kanskje eit par slike tilfelle kvar sommar.

Bråsott er ein akutt infeksjonssjukdom hos sau som skuldast bakterien Clostridium septicum og som opptrer mest på beite om hausten, ifølge Store norske leksikon.

Lammet var stort, så det må ha vore i fin form før det blei akutt dårleg.

Sett bort frå søndagens hending ser årets beitesesong veldig bra ut, seier sauebonden på Mosterøy:

– Neste helg går første sending med Klosterlam, så då får eg det endelege svaret.

Klosterlam er lam frå gardar i nærområdet til Utstein kloster. Kjøtet har eige Spesialitet-merke, og slaktedyra må oppfylle strenge krav for feitt, kjøttfylde og storleik.

Alle sauer og geiter i Norge skal ha øyremerker godkjent av Mattilsynet. Kvart merke skal ha landskoden NO, eit individnummer og eit sjusifra nummer som refererer til kven som er driftsansvarleg. Eigaren kan sjølv velje å ha med eigne initialar og telefonnummer, opplyser Mattilsynet.

Publisert: