Malinius Skårbø var her 88 år og aktiv sauebonde. Foto: Rune Nedrebø

Øyposten har tidlegare skrive om sauebonden som har hatt mange prosjekt på gang sjølv om han kan seiast å ha nådd ein vaksen alder.

No fyller han 90 år, og då må det sjølvsagt feirast. Det blir open kyrkjekjellar frå klokka 16, fredag den 26. januar.

Han har vore matros, bonde, starta Fogn si første industribedrift; Ryfylke Aluminium, og attpåtil vore pelsdyroppdrettar.

– Alle som vil vere med å feire Malinius sin dag, er velkomne til å bli med, seier Ottar Sandanger til Øyposten som er med i festkomitéen.