Tina Nådland og resten av Rennesøy Arbeidarlag inviterer til møte om landbruk og natur. Foto: Sigbjørn Høidalen

– Dette blir ein kveld der me set fokus på landbruk og natur. Det er opent for alle som er interessert i tematikken. Til dømes vil det bli diskutert kva det betyr for Stavanger kommune at dei ved kommunesamanslåing fekk store område med landbruk og kulturlandskap, seier leiar av Rennesøy Arbeidarlag, Tina Nådland til Øyposten:

– Stavanger kommune har jo no fått handlingsplan for landbruk, og denne kjem Jan Grimstad frå landbruks- og havbrukskontoret for å fortelje om.

Bondelaga kjem

Nådland legg til at bondelaga i kommunen, med Aud-Jorunn Bru frå Rennesøy bondelag i spissen, kjem for å snakke om kva som er viktig for dei.

– Det er viktig for oss politikarar å spele på lag med bøndene. Dei skapar store verdiar, og me må arbeide for å fortsetje å halde på eit sterkt landbruk i kommunen.

I tillegg vil leiar av historielaget, Anny Hatlen, snakke om kulturlandskap.

– Me har jo sett dokumentarserien «Oppsynsmannen» på NRK. Denne handlar om nedbygginga av norsk natur, så me har nok latt oss inspirere litt av dette. Dyreliv og natur forsvinn i ein rasande fart, og derfor er det så viktig å snakke om dette, legg Nådland til.

Viktig kunnskapsdeling

Arbeidarpartiet sin gruppeleiar i Stavanger, Dag Mossige, kjem også. Han vil dele politiske perspektiv på landbruk.

– Me håper at dette vil bli ein kveld med god kunnskapsdeling om jordvern og landbruk. Alle som er interesserte kan kome, men fordi me tilbyr mat, ønskjer me at dei som vil kome, melder seg på, seier Nådland.

Møtet vil finne stad i Kulturbruk 44/4 på Bru den 1. februar. Påmelding skjer på epost til tina-naa@online.no innan 29. januar.