FINNØY: – Me hadde jo sett føre oss at juli ville bli ein utbytterik månad, men slik blei det ikkje. Heile fellesferien regna meir eller mindre vekk, dermed glapp ein god månads omsetting. Så når me legg det inn i reknestykke, er eg godt nøgd, ja, seier Dicikinson til Øyposten.

Jamnt godt besøk

Ifølgje Dickinson kunne talet vore endå høgare om vêret hadde vore betre i fellesferien.

– Dei blei omtrent slik eg hadde venta det skulle bli. Tomatfestivalen svarte til forventningane, det var fullt hus meir eller mindre hele tida. Elles har det vore jamt, godt besøk utan altfor store svingingar, fortel Dickinson, som legg til:

-Når det er sagt veit eg sjølvsagt ikkje kva vinteren vil bringa, det vil visa seg. Men så langt har det gått bra, og eg trur det er liv laga for puben.

Ny kokk

Frå i morgon, fredag, startar Dickins med take away, og byr samtidig på irsk musikk frå gruppa Sixspence.

– Me har nettopp tilsett ein kokk med 22 års erfaring frå det italienske kjøkkenet. Eg har ete meg gjennom heile menyen, og kan lova mange spennande smaksopplevingar, opplyser Stephan Dickinson.