Oddvar Vignes og Hadia Tajik prata ein time om politiske grep for miljøet på Finnøy bibliotek onsdag formiddag. Foto: Silje Talgø Klakegg

Det begynte med at ho kom inn i energi- og miljøkomitéen på Stortinget. Då ho begynte å lese seg opp på viktige tema, erkjente ho at det var mykje ho ikkje visste.

– Blant anna har eg lært kor lite tilgang på kraft me eigentleg har i Norge, og kor avhengige me er av petroleumsbransjen. Eg har også funne ut kor kort me faktisk har kome i kutt av utslepp her i landet, seier Tajik til dei rundt 50 publikumarane som kom til Finnøy bibliotek for å høyre henne fortelje om den nye boka si «Drømmer for min dotter».

Tidleg engasjert

Då ho vaks opp, var alle redde for hol i ozonlaget, og Blekkulf inspirerte oss til å ta små grep for miljøet. I dag har ho meir fokus på litt tyngre politiske omgrep, som handlingsregelen og perspektivmeldinga.

– På alle politiske område kan me gjere ting betre, seier ho, og etterlyser meir katastrofetankar:

– Me har vore litt bedøva av tanken på at me trass alt har vasskraft her i landet, så det er ikkje så farleg at energi er så fundamentalt viktig for alt me gjer. Men kva vil skje viss me får problem me kraftforsyninga?

Ho legg til at det no ligg føre ein plan for forsyningssikkerheit, og desse tar utgangspunkt i det verste som kan skje.

– Det er viktig å tenke tanken at me må ha ein plan for uventa hendingar. Verda er uroleg, og det er ikkje alt me kan føresjå.

Økonomi og miljø

Ho peikar også på det som mange kanskje ikkje er klar over, og dette er dei tette banda mellom økonomien og miljøet i eit land.

I tillegg legg ho vekt på jorda si tilstand.

– Me skal overlevere jorda i betre stand til den neste generasjonen. Dette er krevjande og moralsk forpliktande, seier ho:

– Temperaturane har allereie begynt å auke, og skadane kan vere uopprettelege. Me bryt den moralske plikta kvar dag når me ikkje gjer meir for å ta vare på jorda. Du kan meine kva du vil om den moralske plikta, men me vil jo alle at det skal gå bra. Det er det brei politisk einigheit om.

Tajik fortel om klimaflyktningar som flytta til nettopp Bjørheimsbygd, der ho vaks opp.

– Det er hetebølgjer over heile Europa, og det er dei mest ressurssterke som dreg først. I Bjørheimsbygd bur det ein familie som forlét Madrid fordi spanske styringsmaktar ikkje gjer nok for miljøet. Det vil kome fleire klimaflyktningar i framtida. Det er lett å tenkje at me gjer så mykje i Norge, men på 30 år har me berre klart å kutte rundt 5 prosent av utsleppa me har forplikta oss til. No har me rundt seks år på å kutte 35 prosent. Dette betyr at me ikkje gjer nok, seier ho.

Norge i framtida

Her trekk ho inn perspektivmeldinga som spesielt interesserte kan søkje opp og lese viss dei har tid til overs. Denne stortingsmeldinga lagast for fireårsperiodar og er ei fagleg melding om utviklinga i landet. Her kan du lese om både økonomi og klimautslepp, og meldinga fortel oss korleis Norge vil sjå ut i framtida viss me gjer det same som i dag.

Sjølv om tona mellom Vignes og Tajik var både spøkefull og artig, var det eit tydeleg preg av alvor i samtala. Ho fortel om kva som kan skje viss staten nyttar pengar ukritisk, og kvifor handlingsregelen er viktig.

– Me kan berre nytte 3 prosent av avkastninga til Oljefondet kvart år. Når oljeprisar stupar, vil også oljefondet bli mindre, og me vil få mindre pengar til å styre landet med. Me tenar faktisk meir på å ha pengar i Oljefondet enn på sjølve olja, seier ho:

– Men nyttar me alle pengane fortløpande, vil dette øydelegge økonomien i landet. Det er eit omgrep som kallast for hollandsk sjuke. Dette handlar om at land som finn store naturressursar som dei tener pengar på, kan finne på å nytte pengane raskt for å blåse opp velferda. Men ein dag er det tomt for ressursar, og me er vant til eit nivå av velferd. Kor skal dei då ta pengane frå?

Det er blant anna redsla for at Norge skal bli ramma av hollandsk sjuke som gjer at handlingsregelen er viktig å følgje.

– Me jobbar jo for at etterspørselen etter olje skal gå ned. Då kan det ikkje kome som eit sjokk at det om nokre år vil bli mindre inntekter frå olja. Derfor hastar det med å få på plass andre industriar som me kan finansiere velferda med i framtida.

Endringar på systemnivå

Samstundes peikar ho på problema med forandringar på individnivå.

– Viss ei verkeleg skal skape forandring, må dette gjerast på systemnivå. Eit døme kan vere dette med raudt kjøt. Forbruket kan senkast med nokre få gram per menneske og det vil få stor effekt. Men i staden for å berre peike på kjøtavgift som eit verkemiddel, kan ein heller prøve å senke avgifta på frukt og grønt. Avgifter er eit effektivt verktøy for å endre åtferd hjå menneske, avsluttar ho.

Onsdag ettermiddag tar dei turen til Rennesøy bibliotek.