– Kva hadde skjedd viss dei som køyrer søppel streika? Det hadde blitt kaos, seier Torbjørg Hebnes:

– Dei som køyrer søppel og dei som vaskar for folk er dei to viktigaste yrkesgruppene. Det meiner nå eg.

Onsdag morgon før klokka seks er ho på føtene i Fåbakkane for å koke kaffi og stelle mat. Denne veka er det innleiing til faste, så då lagar ho fastelavnsbollar i tillegg. Maten pakkar ho fint ned i ein pose for å ha klar til dei kjem; brørne frå Latvia som køyrer renovasjonsbilen på Finnøy.

Var meieriarbeidar

Torbjørg kjem opphavleg frå Sjernarøy. Ho fekk jobb på meieriet på Judaberg i 1968:

– Eg var først sommarvikar, men så fekk eg fast jobb året etter av meieristyrar Ingvar Gjedrem. Eg var mest på laboratoriet. Eg jobba der i 48 år.

I år 2000 blei meieriet på Judaberg lagt ned og flytta til Sola. Torbjørg blei med på lasset og jobba på Sola i 15 år. Då ho var 62 pensjonerte ho seg, men har ikkje ligge på latsida.

Torbjørg Hebnes med strikketøy medan ho ventar på at renovasjonsbilen skal kome. Foto: Sigbjørn Høidalen

– Eg spøtar heile tida. Nå spøtar eg genser til svigerdottera mi. Eg spøtar til dei som køyrer søppelbilen òg. Dei brukar å få sokkar til jul, seier Torbjørg.

Kjenner kvar krok

I halv sjutida høyrer me søppelbilen på utsida av huset, men den skal først ei runde rundt i feltet, fortel Torbjørg. Litt før klokka sju kjem bilen ned Fåbakkane og stoppar utanfor huset. Torbjørg går ut med kaffien og maten.

– Me blir stella godt med her, seier Ingius Bleikss.

Han held seg rundt magen når Torbjørg fortel at ho har laga fastelavnsbollar. Dei har med seg ei tom kaffikanne frå veka før i byte mot den fulle kanna.

Ingius og broren Peteris bur på Sola, men har ansvaret for renovasjonen i heile Finnøy kommunedel. Dei jobbar for det interkommunale selskapet Renovasjonen.

– Eg har jobba på Finnøy i 13 år. Eg kjenner adressene godt her, seier Ingius.

Alt utanom krim

Nokon lang drøs har dei ikkje tid til. Dei jobbar intensive timar før dei er ferdige i 12-tida. Då kan dei kose seg med maten frå Fåbakkane. Når dei køyrer vidare gir dei tre tut til ære for finnøybuen.

– Eg samlar på fingerbøl. Dei har tatt med fingerbøl frå Latvia til meg, seier Torbjørg.

Me går inn att. Torbjørg har laga fin frukost til Øyposten òg. Eg blir heilt øvegidde, for å bruke eit dialektord.

Torbjørg et lyttevenn for tredjeklasse på Finnøy skule. Fredagane går ho på datahjelp på Finnøy bibliotek, og annankvar tysdag er det strikkekafé på Kaihuset. Ho fortel at ho òg er ein del innom kafeen på innbyggartorget:

– Eg er ikkje noko festmenneske, men eg møter nå litt folk. Eg spøtar, løyser kryssord og les, bare ikkje krim.