– HappyNova er eit teknologiselskap med eit sosialt formål. Me skal utvikla ein heilt ny teknologi for å knyta folk saman og bidra til å gje folk glede i ein meiningsfull kvardag, seier Helene Birkeland på Rennesøy:

– Eg kan ikkje røpa for mykje, men fagfolk eg har prata med seier det er ein veldig god idé.

Global marknad

På nyåret starta ho HappyNova AS og fekk inn som styreleiar Anne-Sofie Engelschiøn, ho òg frå Rennesøy. Engelschiøn er stipendiat i digital serviceleiing ved Universitetet i Stavanger, står det på nettet.

Duoen ser seg nå om etter investorar og talent.

– Me treng eit team, og me kjem til å trenga ein god del pengar. Den potensielle marknaden for teknologien er global, seier Birkeland.

I 2021 starta ho selskapet Happy Hikers, som i fjor omsette for 3,2 millionar kroner. Dette selskapet har ho tenkt å drive vidare ved sidan av.

Digitalt univers

– Ideen med Happy Hikers er å skapa eit digitalt univers av uteglede for småbarnsfamiliar. I arbeidet med dette har eg sett ting som kan utvidast til alle typar arenaer, seier Birkeland.

Ho har i dag kontorplass i gründerkollektivet over Vikevåg innbyggjartorg. Blir HappyNova til det ho håpar, blir det aktuelt å søkja seg mot eit større innovasjonsmiljø.

HappyNova har førebels ein aksjekapital på 40.000 kroner og skal driva med «Utvikling av IT-løsninger på web», står det i opplysningar frå Brønnøysundregistera.