Ny redaktør på plass i Øyposten

Sigbjørn Høidalen (52) er på plass i redaktørstolen i Øyposten.

Sigbjørn Høidalen er på plass som ny redaktør i Øyposten.
Publisert:

FINNØY: Høidalen kjem frå jobben som frontsjef i avisa «Varingen» i Nittedal, men var før det redaktør i lokalavisa i heimbygda, Drangedalsposten. Han har også vore innom avisa Nationen og jobba som journalist i avisa Setesdølen.

Høidalen er utdanna frå Norges Landbrukshøgskole på Ås i skogbruksfag, og var skogbrukssjef i Valle i Setedalen før han endra yrkesveg og blei spurt om å bli journalist i Setesdølen og tok utdanning som journalist i Volda.

Den nye redaktøren blir i tillegg dagleg leiar for både Øyposten og nettavisa Randaberg 24.

-Som redaktør vil eg prøva å sameina folk i Finnøy og Rennesøy, dyrka fram fellesskap og løfte fram dei som får det til, seier Høidalen.

Sigbjørn Høidalen har kjøpt leilighet på Judaberg, og er innstilt på å gå «all inn» i jobben som redaktør. Nå er han også på jakt etter ein journalist i full stilling som kan hjelpa han med å laga ei god avis, sidan Oddbjørg Måland takkar av i jobben i slutten av juni.

-Det bør vera ein spennande stad å begynna som journalist i ei lita Schibsted-avis. Her kan du få jobba med alle fagfelt, seier redaktøren i Øyposten.

Høidalen er glad i å gå tur og har alt vore både i Teigen, på Rennersøyhodnet og på Sel.

-Det er eit veldig flott landskap her ute på øyane, og frå stoveglaset mitt kan eg sjå den mektige fjellrekkja austover med blåne etter blåne, seier han.

Høidalen spelar både gitar, fløyte og munnharpe, og har til og med spelt rytmegitar med Drangedals store sønn, «Sputnik».

-Ein veldig alminnelig og folkeleg kar, seier han om sin sambygding.

Sigbjørn Høidalen er også engasjert i folkemusikk-miljøet, og prøver å knyta kontaktar i den retningen i sitt nye tilvære på Finnøy.