Stiller med rekordstort korps

17. mai blir det varsla uvanleg kraft i musikken på Sjernarøy.

Deler av korpset på Sjernarøy frå måndagens øving med skule og barnehage; framme f.v. Ragnhild Frøyland, Ton Heus, Christer Tysdal og Sunniva Aartun.
Publisert: Publisert:

– Me blir 16 musikarar i korpset i år, og det må vere mange, mange år sidan sist me var så mange, fortel Alice Helgøy på Sjernarøy dagen før nasjonaldagen.

Måndag øva dei med skulen og barnehagen på Sjernarøy oppvekstsenter. På sjølve dagen, 17. mai, blir korpset forsterka.

– Me får med musikarar frå både Alvdal og Nederland. Me er tre generasjoner, og det er veldig kjekt å spele i lag, sier Helgøy.

Ho er til dagleg avdelingsleiar for oppvekstsenteret på Sjernarøy, og ho spelar sjølv i korpset.

I programmet for Sjernarøy står det at toget går frå grendahuset på Kyrkjøy klokka 10.30 og at korpset spelar klokka 11.00.

Værvarselet for nasjonaldagen på øyane er det aller beste. Yr melder opphaldsvær, laber bris og kring 10 grader i lufta.

Kart som viser Sjernarøy grendahus: